KRIMTIPS: Biblioteksjef Gry Hatlelid kjem med sine tre beste tips til krimbøker du bør lese denne påsken. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
KRIMTIPS: Biblioteksjef Gry Hatlelid kjem med sine tre beste tips til krimbøker du bør lese denne påsken. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Her er hennar beste tips til krimbøker i påsken

Ei god krimbok er like essensielt i påsken som appelsin og Kvikk Lunsj. Her er biblioteksjef Gry Hatlelid sine tre beste tips.

Det er ikkje påske utan krim. Anten det er snakk om ei god bok, eit høyrespel på radioen eller ein spennande krimserie på fjernsynet, så skal det liksom helst vere eit mord i påsken.

– Påskekrim er litt spesielt for Noreg. Me les masse krim i påsken, og her i Årdal les me mykje krim heile året eigentleg. Men me merkar at folk no låner med seg litt ekstra med bøker til påske, seier biblioteksjef i Årdal Gry Hatlelid.

På biblioteket har dei stilt ut nokre av bøkene dei anbefalar mest som god lektyre dersom du vil forsvinne inn i ei anna verd medan du sit på hytta. I Årdal kjem dei til å ha ope måndag og tysdag, så det er framleis ikkje for seint.

– Skal skje eit mord i påsken

Men kvifor er krim så viktig i påsken?

– Krim er jo veldig spennande då. I tillegg er det jo alltid krim på fjernsynet, og det heng nok litt saman. Det skal liksom helst skje eit mord i påsken, smiler Hatlelid.

På oppdrag frå Porten.no har ho plukka ut tre forfattarar og bøker som ho vil anbefale til dei som er på jakt etter ei god krimbok til påske.

Robert Galbraith – Når gjøken galer

– Dette gjeld ikkje berre denne boka, men alle bøkene i denne serien. Robert Galbraith er faktisk pseudonymet til J.K. Rowling, Harry Potter-forfattaren.  Ho er utruleg god på å skrive historier, seier Hatlelid.

– Ho har eit voldsomt persongalleri, og for meg som er litt anglofil, så er ho veldig flink til å skildre det engelske miljøet, så denne serien anbefalar eg absolutt.

John Hart – Det siste barnet

– Han skriv veldig godt. Det er slik at du blir heilt fanga frå første sida og etter det klarar ein ikkje leggja frå seg boka. Og så blir du glad i karakterane, noko som gjer at du lever deg heilt inn i historia og får vondt av dei.

– «Det siste barnet» handlar om hovudpersonen Johnny på 13 år som har mista søstera si for eitt år sidan – sporlaust. Før det hadde han det perfekt A4-livet, men då dette skjer, rasa alt saman. Faren har reist, mora slit med rusproblem og den nye kjærasten til mora er stygg med Johnny. Det er ei forferdeleg historie på mange måtar, men det er likevel nokre lyspunkt og eit håp. Og så er det så mange tvistar og vendingar at du klarar ikkje leggja frå deg boka, fortel biblioteksjefen.

Tove Alsterdal – Evas siste vitne

Ein gong var Beckomberga eit av Europas største mentalsjukehus. No har spora etter den som skjedde der blitt vaska vekk og eksklusive bustader vert bygd i den same parken. Svante Levander er ein av dei som flyttar inn i idyllen saman med sin nye kjæraste. På veg heim frå butikken ein kveld blir han knivstukken til døde. Hans ekskone Eva, som har fulgt etter han den kvelen, vert arrestert, mistenkt for mord.

Berre éin person kan vitna om kva som eigentleg skjedde, og det er ei utanlandsk kvinne som sat utanfor butikken og tigga. Men ho er sporlaust forsvunnen.

Når nokre smågutar finn restar av menneskekroppar i nærleiken av mordstaden, eksploderer redslen i villaforstaden. Fortidas redslar er nærare enn nokon kunne tru.

– Det er kanskje litt drygt å seie at ho er Sveriges beste krimforfattar, men bortimot. Veldig kritikarrost og skriv veldig godt – både tankevekkjande og engasjerande. Ho er veldig, veldig god, er den siste anbefalinga frå Hatlelid. 

Så då er det berre éin ting å gjere: Lån deg ei bok og set i gang med lesinga.

Til toppen