TILBAKE DER DET STARTA: Even Hovland vart i dag presentert som ny sogndalsspelar. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Her er Hovland klar for gamleklubben

Etter seks år kunne landslagsprofilen trekke på seg den kvite drakta igjen.

Sogndal: – Det er utruleg kjekt. Det var her det starta, no er eg komen tilbake og er villig til å hjelpe til både på og utanfor bana, seier hovudpersonen sjølv etter pressekonferansen på Fosshaugane Campus.

Der vart det klart at stopparen med 24 landskampar under beltet har signert ein kontrakt med Sogndal som varer ut 2020.

Har framleis proffambisjonar

Even Hovland gjekk til førstedivisjon og Sogndal i 2007. I 2010 kom opprykket og allereie i sin første eliteseriesesong vart Hovland kåra til årets forsvarsspelar. Etter endt sesong vart han solgt til Molde og det same året fekk han landslagsdebuten.

Etter to år gjekk turen vidare til Nürnberg og tysk fotball i 2014. Der spelte han etter kvart til seg ein fast plass, men i fjorårssesongen var han ute i kulda att. I sommar har den kontraktslause spelaren trent med gamleklubben Sogndal i jakta på ein ny arbeidsgjevar.

Det endte med retur til gamleklubben, utan at proffdraumen er noko mindre av den grunn.

– Kjem eg opp igjen på eit nivå som gjer at det kjem interesse frå andre klubbar så er ikkje Sogndal vanskelege å ha med å gjere. Men det viktigaste no er å kome i gang att og hjelpe klubben til å ta mest mogleg poeng, seier Hovland.

– Utruleg stor signering

Under pressekonferansen stadfesta sportsleg leiar Håvard Flo at dei ikkje vil stå i vegen for utanlandstilbod.

– Når det vart Norge så såg me det som naturleg at det vart oss. Men Even er framleis ein ung mann, så ambisjonane er sjølvsagt å komme seg ut att på eit tidspunkt. Det har vi ei felles målsetting om, sa Flo.

Trenar Eirik Bakke er overlukkeleg over at avtalen endeleg gjekk i boks.

– For meg er det fantastisk å få Even heim att og inn i den gjengen som er her. Det er noko me har jobba for over tid. Det er ein utruleg stor signering og ein vi kan bygga laget rundt.

Til toppen