INNSTILLING: Politimeister i Vest, Kaare Songstad, la fredag fram si innstilling til korleis politiet bør organiserast. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik. 
INNSTILLING: Politimeister i Vest, Kaare Songstad, la fredag fram si innstilling til korleis politiet bør organiserast. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik. 

Her er innstillinga til politimeisteren i Vest

Politimeisteren har ikkje bestemt seg for om han vil behalde lensmannskontoret i Årdal eller Lærdal. 

Årdal: Det betyr at det heller ikkje fredag vert gitt nokre handfaste peikepinnar på om kontoret i Årdal eller Lærdal skal få halde fram drifta. 

«Politimeisteren har særleg sett på arbeidsgruppa si vurdering av tenestestadene Lærdal og Årdal, og vil foreslå at det skal vere berre eitt kontor i dette området som vert plassert i anten Årdal eller Lærdal. Politimeisteren ber om uttale frå høyringsinstansane om kor kontoret bør plasserast, og vil først ta stilling til dette når saka skal sendast til Politidirektoratet,» heiter det i høyringsinnbydinga.

Når det gjeld resten av Sogn, er det Sogndal og Vik politimeisteren meiner burde få behalde lensmannskontoret sitt. 

Politimeisteren seier det er viktig at politiet har kontor der folk flest bur. 

– I dag har Vest politidistrikt mange små kontor som store deler av veka ikkje er opne og ikkje har mannskap til stades. Politiet bind i dag opp mykje ressursar i form av pengar og personell til lokale som ikkje er mykje i bruk. Politiet ønskjer i staden å nytte pengane til operativ polititeneste. Dei som jobbar ved nokre av kontora kan og utføre ei betre politioperativ teneste for publikum dersom dei er ute på patrulje der folk bur og ferdast.

– Målet er at politiet skal bli meir tilgjengeleg sjølv om nokre kontor no blir foreslått nedlagde. Gjennom vaktsamarbeid som kan delast mellom eit større tal polititenestepersonar skal vi forsøke og auke talet på timar med aktiv polititeneste i den nye organisasjonen og graden av tid som nyttast til heimevakt kan reduserast. Samla sett er målet at politiet skal bli meir tilgjengeleg for innbyggjarane. 

Ut på høyring til desember

No går innstillinga til politimeister Kaare Songstad ut på høyring med frist til 1. desember. Innan 15. desember skal han legge fram si tilråding til Politidirektoratet (POD), som avgjer ny tenestestruktur. Kommunane kan då klage på vedtaket, men berre ved det dei meiner er sakshandsamingsfeil. 

Basert på innstillinga til politimeisteren ser det no ut til at Årdal eller Lærdal vil få behalde lensmannskontoret sitt. Begge stader har spelt inn gode grunnar til kvifor dei bør behalde kontoret.

Årdal legg vekt på at dei har det største innbyggjartalet i vaktregion, at det er eit industrisamfunn og at ein har ei schengenhamn med 300 anløp i året. 

Lærdal har geografien på si side og ligg midt mellom Årdal og Aurland. 

Til toppen