TILBAKE: Lasse Lereng trente som normalt torsdag etter at han fekk skulderen ut av ledd mot Hødd 2. Han satsar på å bli klar til kampen mot Tertnes. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TILBAKE: Lasse Lereng trente som normalt torsdag etter at han fekk skulderen ut av ledd mot Hødd 2. Han satsar på å bli klar til kampen mot Tertnes. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her er Lereng tilbake i trening

Årdal slit med stort mannefall før den viktige bortekampen mot Tertnes, men trass det er trenar Ivan Øy positiv til at dei kan få med seg poeng heim att.

Ein ny viktig kamp ventar for Årdal i håpet om å halde fram i tredjedivisjon. Laurdag er det Tertnes på bortebane som står for tur.

Men oppladninga til kampen er langt frå optimal for laget frå industribygda. Fire av dei elleve som var med frå start då Hødd 2 blei sendt heim med 1-4 i sekken måndag, er utilgjengeleg på grunn av jobb.

Desse fire er keeper Preben Gilleshammer, Eirik Rode, Johnny Aspeseter Hagen og Tim Teigen. Dessutan er Martin Gullaksen også utilgjengeleg. 

– Er da mann

Heldigvis kan det sjå ut til at Lereng, som starta den kampen på høgreback, blir klar. Han friskmelder iallfall seg sjølv etter å ha fått skulderen ut av ledd mot Hødd 2.

– Det går bra, eg er da mann, smiler han. 

Årdal-trenar Ivan Øy må dra på smilebandet han også når Porten .no fortel at Lereng har friskmeldt seg sjølv.

– Ja, seier han, ler Øy, men fortel at han håpar han kan bruka 27-åringen.

– Ut frå det eg har sett på trening brukar han ikkje armen i det heile. Eg seier til spelarane at dei må finna ut om dei er klare. Dei veit kva som føregår i ein kamp. 

– Det er ein stor sjanse å ta. Han er jo ein førstelagsspelar, og det er eit tap å mista han, spesielt når me har problem med å skrapa saman eit lag til helga.

God stemning

Før torsdagstreninga var over måtte også stopparkjempe Marcin Brzykcy halta i garderoben.

– Ja, han fekk seg ein skade, men han er polakk, så han toler ein smell. Han har gått vekk så mange smellar at han fortener ein sjølv, smiler Øy.

Stemninga i laget er god trass i at dei veit dei vil få det tøft på laurdag. 

– Me har det same fokuset som førre veka. Me tek med oss vilja og innsatsen frå førre kamp og inn i denne. Det er beinhard jobbing som må til for at me skal ta dei poenga som skal til for at me er sikra, legg Årdal-trenaren til.

– Me reiser med det beste tilgjengeleg laget, og utfrå det skal me gjera det beste ut av det. Får me dei som kjem inn til å leggja ned den same innsatsen som dei andre gjorde i førre kamp, er me kapable til å ta poeng.

Fordel med kunstgras

Sigeren mot Hødd 2 gav spelarane eit stort løft, og det er kanskje ikkje tilfeldig at ein så god kamp vart spelt på kunstgras. Då er det godt å vita at møtet med Tertnes går på same underlag.

– Det er ein fordel for oss fordi dette er ein kunstgrasgenerasjon, seier Øy og peikar på spelarane sine.

– Me kan sjå av resultata i dei kampane me har spelt på kunstgras at det hjelp.

Tertnes ligg på tredjeplass i avdelinga, men med 14 poeng opp til Aalesund 2 på førsteplass, har ikkje bergenslaget altfor mykje å spela for.

– Forhåpentligvis kan det hjelpa oss, men det er andre lag som me konkurrerer mot som òg møter lag som ikkje har noko å spela for, så det kan komma nokre rare resultat no heilt på tampen.

Dessutan har Tertnes for eit betre bortelag enn heimelag denne sesongen. Fem sigrar, to uavgjort og fire tap er fasiten på heimebane. Fem tap håpar me fasiten er etter laurdagen.

Til toppen