NYE KREFTER: Kafèen på Dampskipskaien i Sogndal har vore populær dei siste somrane, no blir det pussa opp for å ha heilårsdrift. Kevin Gray er den som skal styre kafèen etter nyopning.
NYE KREFTER: Kafèen på Dampskipskaien i Sogndal har vore populær dei siste somrane, no blir det pussa opp for å ha heilårsdrift. Kevin Gray er den som skal styre kafèen etter nyopning.

Her er mannen som skal drive kafeen på Dampskipskaien

Frå sommaren av blir møteplassen til friluftsfolket i Sogndal open året rundt. 

Sogndal: Kevin Gray har erfaring frå kafè og restaurantdrift i Trondheim, han har drive eit bakeri på Tjuvholmen i Oslo, men mest har han jobba på kjøkenet, sist som kjøkkensjef på Tørvis hotell.

No får han den ansvarsfulle oppgåva det er å vidareføre den populære kafèen på Dampskipskaien i Sogndal og samstundes oppfylle ambisjonen om å drive heile året.

– Det er ei kjempemoglegheit og veldig spanande. Det er jo eit velfungerande konsept som har vore her lenge, men no blir det heilårsdrift, så det blir spanande å sjå korleis det går. Det er opp til dei som bur her, seier Gray.

Les også:  Slik vil dei skape eit senter for fjell- og fjordsport i Sogndal
Les også: Ho ser etter nokon som vil drive Dampskipskaien i Sogndal

NYKOMPONERT STJERNELAG: Den nye drivaren (nummer to frå venstre) får ei stor gruppe av engasjerte eigarar i ryggen, her illustrert ved (f.v): omdømleiar Rasmus Mo i Sogndal Fotball, Sander Buene og Sigrid Henjum i Sogndal Lodge & Guiding.
NYKOMPONERT STJERNELAG: Den nye drivaren (nummer to frå venstre) får ei stor gruppe av engasjerte eigarar i ryggen, her illustrert ved (f.v): omdømleiar Rasmus Mo i Sogndal Fotball, Sander Buene og Sigrid Henjum i Sogndal Lodge & Guiding.

Ønska nokon som er villige til å satse

Ekteparet Sigrid Henjum og Sander Buene, Sogndal Lodge & Guiding, er glade for å gje stafettpinnen over til nokon andre. Henjum seier dei måtte gjennom mange søkarar før dei fann den ideelle kandidaten.

– Me måtte finne nokon som var villige til å starta sitt eige selskap og gå inn med hud og hår, seier ho.

Les også: No skal dei pusse opp kaihuset for fleire millionar

– Han kjem som ein innflyttar, med sin kultur og sine tankar og sine ønskjer. Så han tilfører noko nytt. Det er me veldig spente på, men vi veit det er kvalitet i det, seier Rasmus Mo, omdømeleiar i Sogndal Fotball, ein av dei mange eigarane bak senteret (sjå faktaboks).

EINEHERSKAR: Fjell- og Fjordsportsenteret leiger heile kaibygget og har store planar for korleis dei skal utvikle området vidare.
EINEHERSKAR: Fjell- og Fjordsportsenteret leiger heile kaibygget og har store planar for korleis dei skal utvikle området vidare.

I vinter har første etasje fått ei god runde oppussing. Hovudmålet har nettopp vore å gjere det mogleg å drive heile året.

Har planar om badeamfi

Men det er berre første steg. Det er store planar for å utvikle området vidare. For eksempel ser eigarane for seg å lage til eit sjøbad: dei skal rett og slett slå hol i det gamle sukkerlageret, sette inn ein glasfasade og lage amfi ned i sjøen.

For Sogndal Fotball handlar engasjementet i prosjektet om å støtte opp om gode krefter som er med på å gjere omdømet til Sogndal enno betre. Økonomiske baktankar er det i allefall ikkje snakk om.

– Me må ha inntekt på huset, men ingen av eigarane skal tena på dette her. Alt som kjem inn blir putta tilbake til utvikling av senteret, seier Rasmus Mo, omdømeleiar i Sogndal Fotball.

Vil halde på vinnaroppskrifta

Kevin Gray seier han har tenkt å vidareutvikle mykje av det som allereie har gjort kafèen på Dampskipskaien så populær.

– Det blir ein plass friluftsfolket kan samlast, men samstundes ope for alle, ein hyggjeleg kafè med god drikke og lokal mat der det forhåpentlegvis vil skje mykje, med quizar og andre arrangement, kanskje afterski i løpet av vinteren. Målet er at det blir litt liv på kaia, seier han.

– Du sjølv då, kor aktiv friluftsmann er du?

–  Eg er glad i vere i naturen, veldig glad i å stå på ski. Utover det så er eg litt for lat til å komme meg ut så ofte. Det er kanskje difor det er bra at eg skal jobbe her, at det ikkje blir ein som er ute og flyr heile tida, seier Gray.

Til toppen