Årdal: Kringom.no har motteke framlegga til mellombelse nye bussruter frå driftsplanleggjaren til Tide buss i Årdal, Nils Solheim.
Ruteendringane for i morgon, fredag, har ikkje vorte lagde ut på heimesida til Kringom.no, men det er dei rutene på biletet her som er gjeldande for i morgon. På heimesida til Kringom.no er det førebels berre ruteendringane for torsdag som ligg ute.
Som ein ser er det korresponderande ruter både til Oslo og til Bergen, både grytidleg om morgonen, midt på dagen og på kvelden.