MARKNADSNEMNDI: Beståande av Kristen Olav Grøttebø (Idrettslaget, f.v.), Anne Grøttebø, Astrid Trulssen (Leiar), Ove Ingvar Fedje (Gamleøyri grendalag) og Børre Klingenberg (Handelsgruppa). Stein Vidar Nemeth er politisk representant, men var ikkje til stades på biletet. Foto: Ole Ramshus Sælthun
MARKNADSNEMNDI: Beståande av Kristen Olav Grøttebø (Idrettslaget, f.v.), Anne Grøttebø, Astrid Trulssen (Leiar), Ove Ingvar Fedje (Gamleøyri grendalag) og Børre Klingenberg (Handelsgruppa). Stein Vidar Nemeth er politisk representant, men var ikkje til stades på biletet. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Her er nye marknadsnemnda

Det såg mørkt ut då Astrid Trulssen stod åleine etter Lærdalsmarknaden sitt årsmøte, men no er ei fullverdig nemnd på plass og alt ser «så meget bedre ut».

Lærdal: – Eg har fått med meg veldig kjekke folk, så dette verkar lovande. Dei var svært så blide alle saman etter første møte – no har me fått på plass møteplan og byrja å diskutera tema for Lærdalsmarknaden, seier Trulssen, som held fram som leiar i nemndi.

Etter årsmøtet stod marknadane i Lærdal på spel; alle som hadde vore med i nemndi tidlegare sa takk for seg og ingen nye melde seg til det ordinære årsmøtet.

Les også: Treng å få meg seg folk i marknadsnemndi

Men så har tinga ordna seg veldig greitt; Børre Klingenberg stiller i nemndi frå handelsgruppa medan Kjell Tore Grøthe er vara. Kristen Olav Grøttebø kjem inn for idrettslaget og Ove Ingvar Fedje frå Gamleøyri grendalag – her er Jon Tamnes vara.

– Her står tradisjonen i fokus

Stein Vidar Nehmet held fram som politisk representant, Frøydis Helland er vara.

– Nokre kom og melde seg etter det ordinære årsmøtet, mellom andre Anne Grøttebø, fortel Trulssen.

– Nokon må gjera det, elles blir det ikkje marknad. Og alle vil ha marknad, seier Grøttebø sjølv.

Ho har trua på gode marknader også i år – og meiner det er viktig å fokusera på tradisjonen.

– Det blir spennande; masse er lina opp frå før, og me treng ikkje å gjera så mykje nytt. Folk ventar at marknaden er om lag som før, her står tradisjonen i fokus. Så me skal ikkje byrja å kasta om på ting.

Nemndleiar Trulssen seier dei også har fått ei liste med friviljuge til marknadane.

– Ein del har teke kontakt og sagt dei ikkje vil sitja i nemndi, men kan gjera anna dugnadsjobb. Så dei er noterte ned på ei liste.

Til toppen