TENKER NYTT: Basert på eigne opplevingar fann Hans Skogli, Anders Lereng og Ørjan Sunde Vik ut at ein sko utanpå skoen må vere gull verdt på festival. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her er oppfinninga som kan berge ein våt festivalsommar

Når du pakkar sekken for ei helg med fest og musikk, håpar desse tre karane at deira produkt ligg på toppen.

Årdal: Har du vore på ein festival, men ikkje fått bruke dei fine, nye skoa dine? Eller kanskje du tok sjansen, og enda opp med å måtte hive dei fordi dei gjørma ikkje gjekk vekk i vask.

Nettopp det siste gjorde Anders Lereng i fjor då han var på Målrock. I frustrasjon måtte han hive dei kvite skoa sine. No har han og kollegaene Hans Skogli og Ørjan Sunde Vik kome opp med ein idé festivalgjengarar kan vere interessert i.

– Me har skapt eit produkt som skal beskytta skoa dine på festival og hindre at dei blir øydelagt av gjørme. Produktet kan også nyttast til andre arrangement, til dømes innanfor idretten eller på russetreff. Det er marknaden me siktar oss inn på, seier Skogli, som er dagleg leiar i ungdomsbedrifta ShoeSaver.

Siktar seg inn på festivalar

I heile haust og vinter har dei tre elevane på service- og samferdslelinja ved Årdal vidaregåande skule jobba med å utvikle produktet. No har dei nettopp fått 200 par tilsendt frå Asia.

– Skoen er laga av plastikk med såle, så han toler litt røft underlag. På baksida er det ein glidelås slik at ein enkelt kan ta han på seg, og øvst er det ein strikk for at det ikkje skal kome vatn inn, forklarar Lereng.

Artikkelen held fram under biletet.

SPAR PÅ SKOA: Produktet Hans Skogli, Anders Lereng og Ørjan Sunde Vik har utvikla, er meint å spare skoa dine for gjørme når du er på festival. 
SPAR PÅ SKOA: Produktet Hans Skogli, Anders Lereng og Ørjan Sunde Vik har utvikla, er meint å spare skoa dine for gjørme når du er på festival. 

I utgangspunktet er skoen lagd for å halde gjennom ein festival, men tek ein godt vare på dei, kan dei halde til neste festival også. Dei har allereie gjennomført eit sal på 60 stykk.

– Det var til ei bedrift som ville gi dette i julegåve til dei tilsette, seier Lereng og legg til at festivalar som Målrock og Malakoff kan forvente å få ein telefon i løpet av dei neste dagane. Ein kan til dømes trykke logoen deira på skoen. 

Satsar på fylkesmessa

Gjennom ungdomsbedrifta får dei verkeleg prøvd seg som ei ordentleg bedrift. Det er dei sjølve som har skaffa leverandør frå Asia, og som lagar budsjett, priskalkylar, forretningsidé og marknadsplan.

No håpar dei at det gode arbeidet vil gi resultat på fylkesmessa seinare i år. For berre eit par år tilbake kom ei anna ungdomsbedrift frå Årdal, SafeSound, svært langt i konkurransen.

– Det er inspirerande. Dei kom til NM og ganske langt der. Det har me som mål også, er beskjeden frå trioen som takkar Skrivargarden, Årdal Utvikling og Sparebanken Sogn og Fjordane for hjelp med utviklinga av produktet.

– Viktig for lokalsamfunnet og skulen

Det vil i så fall på god veg vise at Årdal vidaregåande skule er i ferd med å få til noko innanfor entreprenørskap, noko det ikkje har vore den største kulturen for tidlegare.

Artikkelen held fram under biletet.

VIKTIG: Læraren til karane, Fredrik Jarstadmarken, seier typar som Skogli, Lereng og Vik er viktig for Årdal. 
VIKTIG: Læraren til karane, Fredrik Jarstadmarken, seier typar som Skogli, Lereng og Vik er viktig for Årdal. 

– Det har vore ein slags kultur her at ein skal tenkja den tradisjonelle vegen å gå, men lokalsamfunnet er avhengig av at det finst nokon som torer å tenkja litt annleis. Det er denne gjengen eit døme på, seier Fredrik Jarstadmarken, som er lærar på linja.

– Det er ein kreativ gjeng som likar å jobbe på denne måten, og det forundrar meg ikkje om dei startar noko for seg sjølve seinare eller lagar eit selskap av dette. Bygda er avhengig av fleire mindre og mellomstore bedrifter, meiner han.

Og ikkje minst er det viktig for skulen i seg sjølv som stadig kjempar ein kamp om å trekkje til seg elevar frå nabokommunane og andre stader i fylket.

– Her viser me at me jobbar på ein litt annan, men spennande måte. Viss elevar synest dette er interessant, er dei velkomne til å søkja seg til Årdal.

NVE: Meir regnflaum framover

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil det bli mellom 20 og 40 prosent auke i flaumvassføringa i fleire vassdrag dei neste 100 åra.

Til toppen