DRAPSGÅTE BLIR FILM: Regissør Ola Moen frå Årdal (i oransje jakke) instruerer skodespelarane like før opptak. Kulissane på folkemuseet på Kaupanger skapar ei perfekt ramme for det historiske drapsmysteriet, men fleire av opptaka føregår òg i Årdal.

Her er opptaka til Nundalsdrapet i gang

Etter månader med førebuingar skal den historiske krimgåta frå Årdal endeleg festast på film.

Kaupanger: I går var det dag to av opptaka. Dei fann stad i tidsriktige kulissar på Heibergske samlinger på Kaupanger, der eit talrikt mannskap hadde rigga seg til.

– Det er skikkeleg deileg å komma i gang, for no har me førebudd oss lenge. Manuset har eg halde på med sidan etter sommaren, så det er deileg å sjå alt på plass og at karakterane tek form, seier filmstudent og regissør Ola Moen (24).

Les også: Lagar film om Nundalsdrapet
Les også: Har akutt behov for ein mordar

FOLKSAMT: Å lage spelefilm er ikkje noko einmannsprosjekt. Regissør Ola Moen har med seg mange medstudenter frå høgskulen han går på.
FOLKSAMT: Å lage spelefilm er ikkje noko einmannsprosjekt. Regissør Ola Moen har med seg mange medstudenter frå høgskulen han går på.

Ambisiøst prosjekt

Årdølen går siste året på Westerdals i Oslo og filmen om nundalsdrapet er bacheloroppgåva. 

Det er ein gjennomført produksjon han har ansvaret for. På det meste er tretti personar i sving bak og foran kamera: sminke, scenografi, regissør, fotograf, produsent, klippar og skodespelarar.

– Eg vil satse stort når eg først har sjansen. Når du er student har du råd til å prøva og feila litt. Så her køyrer me på for fullt. Nokon vil synst det er ambisiøst, men det gjer ikkje me, seier årdølen.

Historie som engasjerer

KØYR OPPTAK: Slik ser det ut når kvar person på settet har fleire oppgåver å fylle.
KØYR OPPTAK: Slik ser det ut når kvar person på settet har fleire oppgåver å fylle.

Den siste brikka kom ikkje på plass før dagen etter at opptaka hadde starta. Mordaren har nemleg vore vanskeleg å finne, ikkje berre for etterforskaren i filmen,  men òg for regissøren. Til slutt vart det ein lærdøl som fekk fylle rolla.

– Det var skummelt nok, men no har me funne ein veldig fin fyr, som me trur kan gjera ein skikkeleg god jobb, seier Moen. 

Filmprosjektet er eit einaste stort dugnadsprosjekt og budsjettet på 80.000 er allereie i ferd med å ryke berre på transportkostnader. Då hjelper det at du har valt ei historie som fengar lokalbefolkinga.

– Det merkar eg, folk engasjerer seg veldig. Du får med deg Årdal, det er mange som er interesserte og vil hjelpa til, seier Moen.

Til toppen