HISTORISK: Ordførarane Jarle Aarvoll i Sogndal, Harald Offerdal i Balestrand og Jon Håkon Odd i Leikanger før møtet starta på Kviknes hotell i Balestrand.
HISTORISK: Ordførarane Jarle Aarvoll i Sogndal, Harald Offerdal i Balestrand og Jon Håkon Odd i Leikanger før møtet starta på Kviknes hotell i Balestrand. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Her er ordførarane samla før det historiske møtet

I dag, fredag, er dei tre kommunestyra i Balestrand, Leikanger og Sogndal samla for første gong. 

Balestrand: Dette var ikkje dagen for dei heftige debattane og dei avgjerande vedtaka. Målet var at dei folkevalde i dei tre kommunane skulle bli betre kjent og samstundes få felles informasjon om korleis vegen fram til den nye storkommunen i 2020 ser ut. 

Ordførar i Balestrand, Harald Offerdal, ønskte forsamlinga velkomen til møtet som no pågår på Kviknes hotell. 

– De har i alle fall fått oppleva nokre av utfordringane når me skal kopla oss på ein ny kommune, sa han og viste til dei trange og kronglete vegane og dei ikkje altfor hyppige ferjeavgangane reisande mellom Leikanger og Balestrand må leve med.

Les også: Han krev eit betre ferjetilbod mellom kommunane
Les også: Oppgitt ordførar fekk oppdateringar gjennom media

Han understreka og at tvang ikkje er det beste utgangspunktet for ei samanslåing, men at dei no må finne ut kva praktiske utfordringar dei tre kommunane må løyse for å få det til.

– Det er ikkje tilfeldig at alle tre kommunestyra er samla her i dag. Det er eit stort informasjonsbehov og det kan vere greit at vi får den informasjonen samstundes. Dette er starten, sa Offerdal.

Til toppen