JAKT PÅ VILLREIN: Aurland tok flest dyr under jakta medan Hemsedal hadde den høgaste fellingsprosenten av kvota. Foto: Harald Skjerdal
JAKT PÅ VILLREIN: Aurland tok flest dyr under jakta medan Hemsedal hadde den høgaste fellingsprosenten av kvota. Foto: Harald Skjerdal (Foto: Arkiv)

Her er oversikta over villrein som vart tekne under jakta

410 villrein vart felt i Nordfjella, der flesteparten var tekne i Aurland, syner fellingsstatestikken til Villreinutvalet for Nordfjella som gjeld for jakta i haust.

I Nordfjella villreinområde var det i haust felt 410 dyr, av fellingskvoten på 1100 dyr, noko som gir ein fellingsprosent på 37,3 av tildelt kvote. Av desse var 214 hannfyr, 196 hodyr. 

Flest dyr og høgast prosent av kvote

Flest dyr vart felt i Aurland, der det vart skote 125 dyr på eigne fellingsløyve. I tillegg vart det her felt 22 dyr på fellingsløyve frå nabokommunar. Fellinga for Aurland i prosent av tildelt fellingskvote var på 43,3 prosent. Den høgaste fellingsprosenten hadde Hemsedal med 60,9 prosent. Med ei kvote på 46 dyr, utgjorde dette 28 dyr, i tillegg til 7 dyr felt på kort frå nabokommunar.

Når det gjeld dei andre kommunane i villreinområdet vart det tekne 84 dyr i Ål (44 prosent), i Hol 79 dyr (26,3 prosent), i Lærdal 84 dyr (38,2 prosent) og i Ulvik 10 dyr (19,2 prosent). 

Artikkelen held fram under kartet

NORDFJELLA: Nordfjella villreinområde omfattar kommunane Lærdal, Aurland, Hemsedal, Ål, Hol og Ulvik. Skjermdump: villrein.no
NORDFJELLA: Nordfjella villreinområde omfattar kommunane Lærdal, Aurland, Hemsedal, Ål, Hol og Ulvik. Skjermdump: villrein.no

Over halvparten, rettare sagt 241 dyr av 410, vart felt nord for Fv 50 Hol - Aurland og 169 dyr vart tekne sør for fylkesvegen. Samjakt over kommunegrensene er med på å betra sjansane for jakta. Det var Lærdal som hadde størst omfang av slik samjakt, ved at heile 49 dyr vart felt i kommunen av jegerar med fellingsløyve frå andre kommunar.  Det vart skote 5 merkte tamrein under jakta – alle i område nær Hemsedalsfjellet, der grensa mellom tamrein- og villreinområdet går.

Held oppsyn og kontrollar

Av villreinutvalet var åtte jaktoppsyn engasjerte under jakta. Desse hadde til saman 1014 timar i felt, fordelt på 72 dagsverk. Det er i tillegg til åtte feltdagar for Statens naturoppsyn (SNO). Tilsaman vart det gjennomført 104 kontrollar av jegerar. 

Ein viktig jobb for oppsynet er å følge med på omfanget av skadeskyting og å gjera sitt beste for at denne blir så liten som råd. Men i år var det oppgang i talet på skadeskotne dyr mot det som er registrert tidlegare år. Skadeskytingsprosenten, som er registrerte skadde/avliva dyr eller dyr funne daude, enda på 2,2 prosent, mot 1,6 prosent av kvoten i 2014. I tal utgjer dette om lag 20 dyr under årets jakt.

Fire personar melde til politiet

Fire av sakene var melde til politiet under jakta. To av dei gjekk på inhuman jakt, ei sak gjekk på manglande ettersøk og feil bruk ammunisjon. Den siste saka gjekk på bruk av bruk av fellingsløyve frå Hardangervidda innanfor grensa for Nordfjella villreinområde. 

I tillegg var det fire tilfelle av mindre overtramp, der det vart gitt munnleg pålegg på staden. Oppsynsleiar Håkon Øydvin peikar i rapporten på kor viktig det er for tryggleiken at ein har på seg fargesterke klede under jakta for å bli sett av andre jegerar. Likeeins at ein har fokus på korleis ammunisjonen oppfører seg når ein treffer stein, snø eller vatn, då det kan treffa rein eller andre jegerar.

Til toppen