OPPUSSINGSPROSJEKT: Domus-bygget i Øvre Årdal er godt inne i eit oppussingsprosjekt. Bygget skal få seg eit løft både innvendig og utvendig. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OPPUSSINGSPROSJEKT: Domus-bygget i Øvre Årdal er godt inne i eit oppussingsprosjekt. Bygget skal få seg eit løft både innvendig og utvendig. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her er planane for Domus-bygget i Øvre

Du har kanskje sett det. Det er noko som er på gang i Domus-bygget på torget i Øvre Årdal. Her får du svaret.

Den siste tida har det vore mykje aktivitet i Domus-bygget, og det er tydeleg at noko er på gang. Det er Årdal Eigedom som eig bygget, og dei er godt i gang med arbeidet om å pussa opp og få inn nye leigetakarar.

– Planen er å laga eit forretningsbygg, så me jobbar no med ulike leigetakarar. Det er ein lang prosess, og nokon har vore inne og blitt utfasa, seier Henrik Rønningen i Årdal Eigedom til Porten.no.

Allereie til julegateopninga vil du sjå at bygget er fylt med nytt liv. Då satsar Årdal Boligbyggelag på å ha fått opp ei utstilling før dei sjølve håpar å flytta rundt juletider.

– Det er viktig for oss å komma ned på gateplan og bli meir synleg i lokalbiletet. Det er mange som trur at me berre sel burettslagleiligheiter, men me sel òg sjølveigarbustader, seier dagleg leiar Greta Steinheim og fortel at vaktmeistertenesta allereie er på plass.

– Bygget er ideelt for oss. Me har alt i same hus og skal vera ved sidan av vinmonopolet, så kvar gong me sel ein bustad skal me feira, ler ho.

Aktivitetar som utfyller kvarandre

Men ÅBBL kjem langt på nær å ta opp all plassen i bygget med sine 140 kvardratmeter pluss vaktmeistertenesta. Rønningen fortel at dei prøver å fylla bygget med aktivitetar som utfyller kvarandre.

– Det er avhengig av kva me får inn først, men me ønskjer aktivitetar som supplerer kvarandre. Me ønskjer blant anna ein type kiosk eller pizzeria, slik at folk kan gå inn og få seg ein matbit.

– Men me seier ikkje nei til noko i den situasjonen som er no. Det står ikkje alltid på kjeda, men ein må ha tak i lokale driftarar. Årdal er faktisk ikkje ein uinteressant plass for mange, men me må ha tak i drifterar, seier han.

Forutan Samhold og Vinmonopolet, som har fleire år igjen av leigekontrakten sin, har bygget stått tomt sidan det nye Årdalssenteret kom på plass, men Rønningen vil ikkje gje det skulda.

– Senteret er veldig positivt for oss, og når Coop investerer her, viser dei at dei har tru på plassen. Men eg meiner Årdal er stort nok til at det kan vera aktivitet i begge husa.

Viktig med nytt liv i bygget

Både han og Steinheim synes det er viktig at det blir blese nytt liv i eit så stort og framtredande bygg midt på torget.

– Det er berre nitrist at det står tomt. Det har med heile sentrum i Øvre å gjera, at ein får fylt alt av næringseigedom på ein såpass stor plass. Det er viktig å tenkja portefølje av butikkar. 

– Ein må bruka tida til å finna noko som utfyller eksisterande handelsliv, seier Rønningen og får støtte av Steinheim, som gledar seg til å flytta.

Vil lyfta fasaden

Lite har blitt gjort med bygget dei siste åra, men no blir rundt 1,5 millionar kroner investert. 

I første omgang pussar dei opp etter kvart som leigetakarar melder seg. I motsetnad til tidlegare blir det no eigne einingar med vatn, straum og luftanlegg, slik at kvar enkelt betalar for sin bruk. 

Dessutan skal det gjerast noko med fasaden på bygget.

– Me jobbar med eit prosjekt med å få malt bygget. Det er eit så stort og sentralt bygg på torget at det er viktig at det ser bra ut, for i dag ser det ikkje bra ut. 

– Me ønskjer å lyfta fasaden på bygget. Det er eit todelt prosjekt, der me tenker malingsdelen i eit steg, og så er det snakk om endring av vindaugsfasade på lenger sikt.

Til toppen