NY TILSETT: Bjørn Sølsnæs er klar for nye utfordringar i avisa Porten.
NY TILSETT: Bjørn Sølsnæs er klar for nye utfordringar i avisa Porten. (Foto: Hanna Husabø)

Her er Porten sitt nye tilskot: – Lokalpressa er det eg brenn for

Bjørn Sølsnæs tar steget ut av avishuset i heimbygda, og inn i Porten sine nye lokale i Fjøra. I tillegg har me eit par andre nyheiter.

Bjørn Sølsnæs (26) er ny journalist i Porten. Frå juli av vil Sølsnæs kome inn som fast tilsett i redaksjonen, kor han vil få hovudansvaret for den politiske dekninga av regionen.

– Eg er fødd og oppvaksen i Sogn. Eg er glad i livet og folket her, og har eit dugande overblikk over det som skjer i lokalsamfunnet. Livet i sognebygdene er eit enormt interessant område å dekke, seier han.

Når Porten ringjer sit Sølsnæs på avishuset Firda sine lokale i Førde. Der er han ein del av praksisordninga Nynorsk Avissenter, kor han har vore sidan nyåret. Frå før av har han i alt to års fartstid i Sogn Avis sine lokale på Leikanger.

– Vil utfordre seg sjølv

No gler han seg til å forsøkje noko nytt når han tar steget inn i Porten sine nye kontor i Sogndalsfjøra i juli. Han ser på den nye jobben som ei sjeldan moglegheit til å vere med på å byggje noko nytt.

– Me kan sette våre eigne mål, utan innblanding frå Oslo, og forme det me vil at avisa skal vere. Så langt har eg fått solid opplæring og erfaring frå veteranane. No må eg stå på eigne bein, og eg får ta del i styringa. Det trur eg tida er inne for no, seier han.

Han har sett seg klare mål for kva han ønskjer å oppnå.

– Me skal gjere det me kan for å levere god, balansert og frisk journalistikk til lesarane. Eg ønskjer å vare der det viktigaste skjer, og at me skal setje dagsorden, seier han.

REDAKTØR: Ola Weel Skram vart nyleg tilsett i rolla som ansvarleg redaktør for Porten.no Foto: Privat

Ansvarleg redaktør Ola Weel Skram har dette å seie om kvifor han valde å tilsetje Sølsnæs som politisk ansvarleg:

– Bjørn er ein ambisiøs og dyktig skribent som trass ung alder allereie har skaffa seg eit godt namn innan journalistikken i Sogn. Han vil tilføre staben ein ny dimensjon når det kjem til politisk tyngde, som eg er heilt sikker på at me vil nytte godt av. Særskilt inn mot stortingsvalet i haust, seier han. 

Tett på 

Frå tida i Sogn Avis har Sølsnæs gjort seg opp eit rykte som ein velskrivande og ryddig journalist. Dette er kvalitetar han ønskjer å ta med seg vidare.

– Samstundes skal me i Porten leve opp til pressa si rolle som vakthund. Me skal gå i saumane på maktpersonar og politikarar, og ha eit kritisk blikk på alt som rører seg mellom fjordar og fjell. Men det er viktig at me skal vere balanserte, ta den ekstra telefonen, og undersøkje sakene så godt me berre kan, seier han.  

Sølsnæs klar i sin tale. Sogn er hans region.

– I journalistverda er det mange som seier ein skal avansere, klatre på stigen. Eg er ikkje der. For meg er det lokalsjournalistikken som er målet i seg sjølv. Eg brenn for det å vere tett på folk, og tett på livet deira, seier han.

Ein årdøl og ein sogndøl

To Sølsnæs nok skal samarbeide mykje med, er sogndølen Thea Wigum (22) og Lasse Styve Andersen (24) frå Årdal. Dei er nye vikarar i Porten, og skal jobbe som sommarvikarar, når den tid kjem.

Wigum kjem fra årsstudium i medievitskap frå Universitetet i Bergen, og gjekk på medielinja til Sogndal vidaregåande skule. Ho har også erfaring frå Sogndal Fotball, og var fram til koronakrisa kom tilsett i Disney sin underhaldningspark i Orlando, USA. 

Andersen har vakse opp i Øvre Årdal. Han har ei bachelorgrad i medieproduksjon frå Volda, og har dei siste åra gått masterstudiet i journalistikk på Universitet i Oslo. 

VIKARAR: Lasse Styve Andersen og Thea Wigum er nye vikarar. i Porten. Foto: Kyrre Fitje

– Eg har ikkje vore i gang så lenge, men eg gler meg til å kome i gang, seier Andersen, som stort sett vil halde til på Årdalkontoret. 

Wigum vil i større grad bli å finne på Sogndalskontoret. Ho er spent på å setje i gang.

– Eg gler meg til å ha ein jobb der eg kan reise rundt å sjå distriktet, samstundes som kvar dag er ulik. Også er det eit stort pluss at eg slepp å ha på uniform, seier ho med eit lurt smil.

Til toppen