KAN BLI NY RÅDMANN: Ellen Marie Njøs Lillesvangstu kan bli tilsett som ny rådmann i Nye Sogndal under kommunestyret 3.oktober.
KAN BLI NY RÅDMANN: Ellen Marie Njøs Lillesvangstu kan bli tilsett som ny rådmann i Nye Sogndal under kommunestyret 3.oktober. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit/ arkiv)

Her er rådmannkandidaten for nye Sogndal

Fredag offentleggjorde rekrutteringsnemnda sin kandidat for rådmannstillinga i nye Sogndal.

Sogndal: Ellen Njøs Lillesvangstu er kandidaten rekrutteringsnemnda vil føreslå for kommunestyret. Det melder Sogn avis

Rekrutteringsnemnda består av Jarle Aarvoll, Arnstein Menes, Trude Risnes, Åge Skrede og Siv Laila Eriksen. Men det er kommunestyret si oppgåve å tilsetja ny rådmann, og det skal skje 3. oktober. 

Lillesvangstu har jobba som direktør i NAV si økonomiteneste i Leikanger. Ein jobb ho har hatt sidan 2012. 

Til toppen