NYTT TILSYN: Konklusjonen etter tilsynet med Sogn barnevern er at avvika samla representerer eit alvorleg brot på kravet om forsvarlege barnevernstenester og at gjentakande feil viser at styringa av tenesta ikkje sikrar at praksis er i samsvar med lova. Foto: Halvor Farsund Storvik.
NYTT TILSYN: Konklusjonen etter tilsynet med Sogn barnevern er at avvika samla representerer eit alvorleg brot på kravet om forsvarlege barnevernstenester og at gjentakande feil viser at styringa av tenesta ikkje sikrar at praksis er i samsvar med lova. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Her er rapporten om barnevernet

Fylkesmannen skriv at funna dei har avdekt i tilsynet med Sogn barnevern representerer eit alvorleg brot på kravet om forsvarlege tenester.

Sogndal: I går hadde fylkesmannen eit oppsummeringsmøte der dei tilsette i Sogn barnevern, ordførarane i dei fire omfatta kommunane og andre involverte fekk ein grundig gjennomgang av funna i eit nyleg avslutta tilsyn.

Porten.no har fått tilgang til den førebelse rapporten som presenterer elleve avvik som er avdekte under revisjonen.

Les også: Fylkesmannen la fram funn i nytt tilsyn av Sogn barnevern
Les også: Ordføraren ser alvorleg på funna i tilsynet

For høg terskel for undersøking og tiltak

Dette skjer på bakgrunn av at Sogn barnevern over lengre tid har hatt problem med dårleg arbeidsmiljø, høgt sjukefråvær og stor utskifting av personale. Dei seinare åra har det blitt gjennomført fleire tilsyn med tenesta, både av Arbeidstilsynet og Fylkesmannen. I tillegg har det vore fleire tilsyn knytt til enkeltsaker.

Denne gongen har Fylkesmannen gått gjennom alle saksmapper og henlagde meldingar frå januar 2015 til september 2016. Konkret har tilsynet sett på korleis kommunen handterer meldingar og korleis desse blir undersøkte og følgde opp med tiltak.

Konklusjonen i rapporten er at avvika samla representerer eit alvorleg brot på kravet om forsvarlege barnevernstenester og at gjentakande feil viser at styringa av tenesta ikkje sikrar at praksis er i samsvar med lova.

Til slutt i oppsummeringa står det:

«Dei mest alvorlege funna ved dette tilsynet er dei som indikerer at Sogn barnevern har for høg terskel for undersøking og tiltak, ikkje er tett nok på ved oppfølging av tiltak i og utanfor heimen og avsluttar saker på mangelfullt grunnlag.»

I rapporten går det fram at kommunen har lagt vekk 22 meldingar frå våren 2015 til hausten 2016, der 11 av dei kom frå offentleg meldar.

«Ei av desse gjeld mogleg vald, ei anna gjeld barnets åtferd og alvorleg bekymring for barnets omsorgssituasjon. Meldingane frå private meldarar gjeld mellom anna moglege seksuelle overgrep, eller at barna vert utsette for fare. Fleire av meldingane gjeld foreldrekonflikt. Desse meldingane er henlagde utan at det er teke stilling til om konflikten kan gå utover barnet», står det i rapporten.

I perioden oktober 2015 til januar 2016 la barnevernet vekk tre meldingar som gjaldt det same barnet, utan at barnevernet kontakta den offentlege meldaren for å avklare innhaldet i meldingane.

Born har fått for dårleg oppfølging

I tillegg går fleire av avvika på for dårleg styring. Dette gjeld både i undersøkinga av meldingar og i oppfølginga av hjelpetiltak. Kommunen har i om lag ein tredel av sakene ikkje utarbeidd undersøkingsrapport, eller på annan måte dokumentert kva opplysningar som ligg til grunn for konklusjonane.  

Fylkesmannen har registrert minst ti saker med hjelpetiltak der barnevernet i lange periodar, inntil ni månader, har vore utan kontakt med familien. I nær ein tredel av sakene manglar det tiltaksplan for periodar. Rapporten peikar òg på at styringa til kommunen ikkje sikrar at oppfølging av barn i fosterheim er i samsvar med lovkrava.

Rapporten er førebels og kommunen har frist til 6. januar til å komme med innvendingar. Rådmann Jostein Aanestad i Sogndal har derimot sagt at dei vil ha lite å utsette på rapporten. Etter oppsummeringsmøtet i går innrømte han at dei har ein jobb å gjere.

– Det vi ser gjennom denne rapporten, er at vi i  2015 og 2016 har hatt betydelege utfordringar med å gje forsvarlege tenester. Det tek me på høgste alvor og vil jobbe hardt med framover for å sikre at vi har forsvarligheit i tenestene, sa han då.

Til toppen