Indre Sogn: - Det vart arrangert skyting på 100 meter og 200 meter. Totalt deltok 157 skyttarar. For alle klassar unnateke klasse 3-5 er det resultatet etter 35 skot avgjer plasseringa. For klasse 3 -5 blir plasseringa avgjort med finaleskyting, seier Magne Forberg, leiar i Aurland skyttarlag, i ei pressemelding.
Stemna "Vårtreffen Indre Sogn" gjekk frå fredag 31. mars til 2. april, og vart arrangert både av Knipenborg og Farnes skyttarlag i Årdal, Tønjum skyttarlag i Lærdal og Aurland skyttarlag.
Les også: Rekordmange skyttarar på Vårtreffen
- Årets finale vart vunnen av Jan Kåre Moland frå Drangedal med 442 poeng, nummer to vart Elisabeth Skudalsnes med 440 poeng, og som skaut 100 poeng i finalen, held Forberg fram.
Jan Kåre Moland fekk napp i «Aurlandspokalen» gjeven av Aurland kommune. Denne pokalen blir vunnen av den skyttaren som har flest seierar i løpet av åtte år. Før finalen i år hadde John Olav Ågotnes 2 napp i denne pokalen og vann sjølv om han ikkje var best i år.
Her er resultatat på alle skytebanene
Fekk E - CO-pokalen til odel og eige

- Vårtreffen har og hatt fast innslag med to feltstemner i Vassbygdi der dei beste feltskyttarane samanlagt på begge stemnene møtest til feltfinale for å avgjere kven som får napp i E-CO - pokalen. Grunna krevjande arrangement har det dei to siste åra ikkje vorte arrangert feltskyting og dei åtte tidelegare vinnarane vart inviterte til Aurland under Vårtreffen for å avgjere kven som skulle få E-CO - pokalen til odel og eige.
Dei åtte skyttarane hadde likt utgangspunkt før feltfinalen og vinnaren vart den som klarte å treffa best under finaleskytinga. Finalen var 12-skot (seks kne + seks liggande) med skytetid to minuttar.
- Den som var mest treffsikker til slutt var Andreas Seilen frå Åsane/Hordvik med tolv treff og sju innertreff. Han vart såleis vinnar av E-CO-pokalen. Dermed er ein lang tradisjon med Vårtreffen i Aurland historie. 1994 var startåret, ei populær og innhaldsrik skytehelg og tradisjon er over, avsluttar Forberg.