NØGD: Sportsleg leiar Johan Pettersen i Førde Fotball er glad for å ha signert Ruben Holsæther frå Sogndal. Foto: Førde Fotball.
NØGD: Sportsleg leiar Johan Pettersen i Førde Fotball er glad for å ha signert Ruben Holsæther frå Sogndal. Foto: Førde Fotball.

Her er Ruben Holsæter klar for moderklubben

Førdianaren går frå eliteseriespel med Sogndal til tredjedivisjonsfotball for Førde.

Førde: Ruben Holsæter har signert ei avtale med Førde som strekkjer seg over to år. Han går gratis frå Sogndal ettersom kontrakten var i ferd med å gå ut. 

Holsæter debuterte for Sogndal i Eliteserien i 2011. I 2013 var han stort sett fast inventar då laget tok 12. plass i divisjonen, men etter kvart har det blitt mindre og mindre speletid.

No tek han fatt på oppgåva med å få liv i ein moderklubb som ligg nede etter ein skuffande sesong som enda med nedrykk.

– Vi er veldig glade for å få signert ein spelar av Ruben sitt kaliber for dei to kommande åra. Han vil vere ein nøkkelspelar for førdefotballen framover. Etter fleire år i Sogndal har han tileigna seg mykje erfaring og tek med seg en sterk treningskultur derfrå som vi vil nytte oss av. Holsæter vil også vere sentral i profilen vår med sterkare lokal identitet, seier sportsleg leiar Johan Pettersen i ei pressemelding.

Til toppen