TRENTE ÅLEINE: Vegard Leikvoll Moberg (25) var framleis kledd i Åsane-utstyr då han hadde ei personleg økt på Fosshaugane Campus tidlegare i dag.
TRENTE ÅLEINE: Vegard Leikvoll Moberg (25) var framleis kledd i Åsane-utstyr då han hadde ei personleg økt på Fosshaugane Campus tidlegare i dag.

Her er Sarr-erstattaren på plass i Sogndal

– Me er i dialog med Åsane og håpar me kan finna ei løysing på det, seier sportssjef Håvard Flo.

Sogndal: Åsane-kaptein Vegard Leikvoll Moberg (25) er på plass i Sogndal saman med agenten. Moberg har berre eit halvt år igjen av kontrakten med sin noverande klubb og etter det Porten.no forstår har Åsane fått eit tilbod på spelaren. 

Men Håvard Flo vil ikkje stadfeste noko anna enn at det er dialog mellom klubbane.

– Slike ting tek tid, seier han.

Etter at sogndalspelarane var ferdige med fellestreninga, fekk Moberg ei personleg økt med fysisk trenar Helge Haugen. Heller ikkje spelaren sjølv kan seie kor nær overgangen er. 

– Det er fint her i Sogndal, seier han med eit smil, før han viser til agenten Daniel Steinfeld for ytterlegare kommentar. 

– Etter nokre flotte år i Åsane så er han klar for å ta nye steg. Det føler vi han kan gjere her i Sogndal, seier Steinfeld.

Trenar Eirik Bakke håper at Moberg skal vere klar allereie til neste heimekamp mot Bodø/Glimt.

– Me har fått lov av Åsane til å ta ein prat med han. Så eg håpar det kan løyse seg i løpet av kort tid og at han kan vere tilgjengeleg til helga, seier Bakke.

I går vart det klart at Babacar Sarr er solgt til Molde. Moberg er tenkt til å erstatte Sarr som eit defensivt anker på midtbana. 

– Han er ein kar som kjenner den rolla godt frå Åsane og han har vore god dei siste to åra i OBOS-ligaen. Han er ein fin gut som vil passa godt inn i vår profil, seier Bakke.

 

 

Til toppen