SKILNADER: Porten.no har sett nærare på kvart enkelt parti i Årdal og kva som skil dei på dei ulike kjerneområda før valet. Foto/illustrasjon: Hydro Aluminium/Truls Grane Sylvarnes.
SKILNADER: Porten.no har sett nærare på kvart enkelt parti i Årdal og kva som skil dei på dei ulike kjerneområda før valet. Foto/illustrasjon: Hydro Aluminium/Truls Grane Sylvarnes.

Her er skilnadene på partia i Årdal

I lokalpolitikken er det ofte små ulikskapar mellom partia, men nokre skilnader er det.

Porten.no har allereie gått i djupn på samtlege parti i Årdal og kva dei står for. Du kan også bli betre kjend med alle ordførarkandidatane gjennom videointervjua som er gjort. 

For å gjera det endå enklare for deg, har me gått gjennom alle kjerneområda som politikarane er opptekne av og funne ut kva dei ulike partia meiner er den viktigaste prioriteringa.

Helse og omsorg

Arbeidarpartiet: Å ha eit godt tilbod innanfor dette området og sjukeheimsplassar med einerom til dei som treng det.

Senterpartiet: Fleire omsorgsbustadar. Dei som vil, skal få bu heime, og ein skal auka bruken av velferdsteknologi for å gjera det mogleg.

Miljøpartiet Dei Grøne: Ønskjer å få inn fleire hender og skapa kontakt mellom barnehagar og eldre.

Venstre: Vil flagga Seimsdalen som demenssenter og ha sjukeheimen der som prioritet.

Høgre: Vil byggja fleire sjukeheimsplassar og støtta opp om Lærdal sjukehus i måten den blir drifta på.

Framstegspartiet: Vil ha ein helse- og omsorgssektor som er i stand til å gi den hjelpa og omsorgen som den enkelte til ei kvar tid har behov for.

 

Reiseliv

Arbeidarpartiet: For Arbeidarpartiet vil ei styrka satsing på Utladalen og Jotunheimen vera mest naturleg å få noko ut av på sikt. Arbeidarpartiet ønskjer også å samla reiselivsaktørane slik at dei kan jobba saman for eit best mogleg produkt.

Senterpartiet: Vil støtta opp dei aktørane som vil satsa i Årdal og gje dei rammevilkåra dei etterspør, samt marknadsføra bygda betre.

Miljøpartiet Dei Grøne: Satsa på eit naturbasert reiseliv og leggja til rette for at det er mogleg.

Venstre: Leggja til rette for at etablerte og nye aktørar for godt utviklingsgrunnlag.

Høgre: Få reiselivet inn under næringsutviklinga.

Framstegspartiet: Ordførarkandidat Geir Hilmar Sandvik meiner Årdal har eit stort potensiale her som kan utviklast. 

 

Samferdsel

Arbeidarpartiet: Ønskjer å satsa på fylkesveg 53 frå Fodnes til Tyinkrussen med ei opprusting i Jåteli, samt ei satsing på Seimsdalstunnelen. Sognefjellstunnelane blir også nemnde.

Senterpartiet: Satsa på Seimsdalstunnelen og fylkesveg 53. Ifølgje Senterpartiet er det dei to viktigaste prosjekta i komande periode.

Miljøpartiet Dei Grøne: Styrka det kollektive og redusera biltrafikken i kommunen, samt få i stand betre parkeringsmoglegheiter for sykkel.

Venstre: Auka statusen på fylkesveg 53 til riksveg og få noko gjort med Seimsdalstunnelen.

Høgre: Auka kollektivtilbodet mellom Årdalstangen og Øvre Årdal sidan det no blir eitt legekontor i kommunen.

Framstegspartiet: Gjera noko med det store vedlikehaldsetterslepet på kommunale vegar og fylkesvegar.

 

Born og oppvekst

Arbeidarpartiet: Ønskjer å gi barnehageplass til alle, noko som er tilfelle i kommunen i dag. Dei vil i tillegg utvikla dei to skulane vidare.

Senterpartiet: Ønskjer å oppretthalde to 1-10-skular i Årdal, samt gjera ein barnehage i Årdal om til friluftsbarnehage.

Miljøpartiet Dei Grøne: Innføra friluftsliv som valfag på ungdomsskulen og skapa fleire skulehagar.

Venstre: Styrka barnehagane og få færre elevar per pedagogisk utdanna i barnehage og skule.

Høgre: Sørga for at kvar enkelt elev blir sett og får oppfølging deretter.

Framstegspartiet: Eit viktig satsingsområde for Frp, der dei vil støtta tiltak som kan betra kvardagen til barn og ungdom.

 

Næringsliv

Arbeidarpartiet: Å satsa vidare på næringsselskapet Årdal Utvikling, og gje dei rammevilkår som gjer at dei kan jobba vidare med den nye strategiske næringsplanen som skal vera vedteken i løpet av 2016.

Senterpartiet: Ønskjer å omstrukturera næringsselskapet ved å sleppa næringslivet meir til. Senterpartiet meiner dei må ta meir styring enn i dag.

Miljøpartiet Dei Grøne: Satsa meir på eit grønt næringsliv som ein byggjer oppunder.

Venstre: Satsa på gründeren og gjera det lettare for folk å skapa sin eigen arbeidsplass.

Høgre: Gjera noko med Årdal Utvikling og få næringslivet på bana.

Framstegspartiet: Ønskjer at kommunen skal driva næringspolitikk i samarbeid med verksemdene.

 

Kommunal økonomi

Arbeidarpartiet: Å koma seg ut av Robek i løpet av neste år og drifta kommunen slik at ein får eit overskot på 10 millionar kroner kvart år deretter for å gje handlefridom.

Senterpartiet: Stabil styring av økonomien slik at ein kan koma seg på eit nivå som gir handlingsrom i framtida.

Miljøpartiet Dei Grøne: Få kontroll på økonomien. MDG vil at kommunen skal velja leverandørar som best kan dokumentera miljøstandard hjå sine produkt eller tenester.

Venstre: Omprioritera og gjennomføra tiltak som reduserer kostnadene.

Høgre: Finna betre måtar å drifta kommunen på.

Framstegspartiet: Vil gi private tilbydarar dei same moglegheitene til å levera tenester til innbyggjarane som dei kommunale foretaka har i dag.

 

Kommunereform

Arbeidarpartiet: Å sjå til Lærdal og Aurland. At det har stått litt i stampe er på grunn av valet, meiner ordførarkandidat Arild Ingar Lægreid, og fortel at dette er ein prosess som går vidare etter valet.

Senterpartiet: Årdal skal framleis vera eigen kommune.

Miljøpartiet Dei Grøne: Opp til kvar enkelt kommune, men partiet ser ikkje på samanslåing som noko positivt.

Venstre: Kommunereform må baserast på friviligheit, men samstundes kan ikkje enkeltkommunar blokkera viss det er til det beste.

Høgre: Sjå til naboane og finne dei som vil samarbeide med Årdal.

Framstegspartiet: Søka samarbeid med Lærdal og Aurland for ei samanslåing.

 

Kultur og fritid

Arbeidarpartiet: Lægreid meiner kommunen har lagt godt til rette med to fantastiske kulturhus, og at ein difor burde kunne utvikla kulturen innanfor dei volkåra og skapa noko til innbyggjarane. 

Senterpartiet: Satsa på arrangementa som marknadsfører bygda utad.

Miljøpartiet Dei Grøne: Leggja til rette for friluftsliv og setja fellesskapets interesser føre kortsiktig næring ved å arbeida mot utbygging som øydelegger verdifulle kulturminner og friområde.

Venstre: Vil ha ein eigen kultursjef.

Høgre: Sørga for at alle har eit godt kulturtilbod i kommunen.

Framstegspartiet: Leggja til rette for at også framtida vil innehalde eit godt utval av fritidsaktivitetar, samt oppretthalde musikk- og kulturskulen.

 

Landbruk

Arbeidarpartiet: Sauenæringa er ganske stor i Årdal, og Arbeidarpartiet vil leggja til rette for dei som driv med det slik at dei kan driva på best mogleg måte. 

Senterpartiet: Dei som satsar skal få lov til det, og Senterpartiet vil heia på dei, ifølgje ordførarkandidat Aleksander Øren Heen. 

Miljøpartiet Dei Grøne: Leggja til rette for meir økologisk landbruk og få fleire til å byrja med landbruk i kommunen. 

Venstre: Ha vilkåra på plass slik at ein kan driva med landbruk i kommunen.

Høgre: Ordførarkandidat Knut Arne Klingenberg meiner det er flott at Årdal også har landbruk.

Framstegspartiet: Ønskjer at landbruket skal ta del i næringspolitikken.

Til toppen