Leikanger: Skyttarmiljøet i Sogn inviterer til miniatyrstemne i Hafslo, Sogndal, Norum og Leikanger denne helga.
– Me ler oss til å ta i mot dei over 200 påmelde og til å få testa det nye anlegget skikkeleg denne helga, seier leiar Olav Skarsbø i Leikanger skyttarlag.

For dei lokale skyttarane markerer stemnet starten på sesongen. Her kan dei få endeleg få konkurransetrening att etter sommarpausen.
Skyttarlaga har òg skyteskule for dei yngste om hausten. Difor er dette for mange det aller første skytestemnet dei deltek på.
– Me jobbar med rekruttering og opplæring gjennom hausten og vinteren og ser gjerne at dei yngste vert med rundt på banene i nabolaga heilt frå starten av, seier Skarsbø, som oppmodar alle interesserte til å koma innom skytebanene denne helga.