NY KEEPER: Renze Fij og Håvard Flo tok kvarandre i hendene etter at avtalen var signert.
NY KEEPER: Renze Fij og Håvard Flo tok kvarandre i hendene etter at avtalen var signert. (Foto: Sogndal Fotball)

Her er Sogndal sin nye keeper

Sogndal har signert den nederlandske keeperen Renze Jagger Fij (27) som erstattar for Mathias Dyngeland (24), som forlet klubben etter sesongen.

Sogndal: Fij kjem frå Nest-Sotra, laget Sogndal akkurat greidde å snyta for kvalikplassen i siste runde av årets førstedivisjon. I 2018 spelte han for Florø.

– Det er ein sympatisk kar som kjem til å setja eit positivt preg i garderoben og me er sikre på at han vil fortsetja den fine utviklinga si når han kjem til oss, seier sportsleg leiar Håvard Flo i ei pressemelding på heimesida til Sogndal Fotball.

Sogn Avis melde på laurdag at det gjekk mot ein overgang til saftbygda for Fij.

I heimlandet står han med éitt innhopp i Eredivisie for Heracles Almelo, men han har óg vore innom klubbar som FC Twente, Go Ahead Eagles, FC Groningen, og FC Dordrecht.

Dyngeland til Sverige

Som me skreiv i september går Mathias Dyngeland gratis til svenske Elfsborg etter sesongen. Laget hamna midt på tabellen i årets Allsvenskan.

Dyngeland kom til Sogndal i 2012 og har spelt 165 kampar.

– Mathias er veldig dedikert til oppgåva som ventar, og har fullt fokus på Sogndal no inn i kvaliken, skriv klubben i pressemeldinga.

Til toppen