HURTIGLADESTASJON: Senterleiar Wilhelm Tangerud og Arve Hafstad frå Sogndal kommune syner fram dei nye hurtigladestasjonane utanfor AMFI Sogningen i Sogndal. Foto: AMFI Sogningen.
HURTIGLADESTASJON: Senterleiar Wilhelm Tangerud og Arve Hafstad frå Sogndal kommune syner fram dei nye hurtigladestasjonane utanfor AMFI Sogningen i Sogndal. Foto: AMFI Sogningen.

Her er Sogndals første hurtigladestasjonar på plass

No kan du lade opp bilen din medan du er på handel.

Sogndal: Etter 1,5 års arbeid vart dei tre første hurtigladestasjonane i Sogndal opna torsdag. Stasjonane er sett opp utanfor Sogningen storsenter og er eit samarbeid mellom senteret, Enova og Grønn Kontakt. 

– Eg hadde veldig lyst til at me skulle vere først ute med dette og tok kontakt med Sognekraft. Like etter at eg snakka med dei tok Grønn Kontakt kontakt med oss. Då sa me sjølvsagt ja, og i samarbeid med Enova også fekk me dette på plass, der Sognekraft er med og leverer straum, seier senterleiar Wilhelm Tangerud ved AMFI Sogningen. 

Salet av elbilar har hatt voldsom vekst dei siste åra, men først og fremst i sentrale strok. Etter kvart som teknologien har vorte betre, er elbil også blitt meir aktuelt for folk som bur i distriktet.

– Men ladetilbodet har ikkje vore godt nok, og det gjeld i heile regionen elles også, seier Tangerud.

– Må vere framtidsretta

Frå før hadde senteret tre ladestasjonar, men desse har vore lite tilgjengelege for folk flest. Sidan det er gratis å stå her, er det ofte dei same bilane, dei som kjem først om morgonen, som har plassen heile dagen, fortel senterleiaren.

– No vil det kosta pengar å lade, og det vil gå fortare å lade, så då kan mange fleire nytte seg av tilbodet. No kan me lade ein Tesla på under 40 minutt, seier han og legg til:

– Framtida er elektrisk. Ein må vere framtidsretta og tenkje miljøvenleg. Eg håpar fleire kjøper seg elbil som følgje av dette.

Til toppen