FERSK TRIO: Eirik Schultze (24), Bendik Bye (26) og Kasper Nissen (19) er dei tre nye spelarane Sogndal har skaffa seg til no i sesongoppkøyringa.

Her er spelarane som skal gjere Sogndal meir målfarlege

Berre Start scora mindre enn Sogndal i fjor. Forhåpentlegvis kan denne trioen rette på statistikken.

Sogndal: Kasper Nissen (19), Bendik Bye (26) og Eirik Schultze (24). Tre nye namn som skal bruke dei tre neste månadane til å bevise at dei fortener ein plass på laget.

At to av dei tre er spissar kan tyde på at trenar Eirik Bakke ønskjer fleire mål til neste sesong. Det vil uansett vere ei naturleg målsetning. Med 33 mål på 30 kampar var det berre jumboplasserte Start som scora færre i fjorårets eliteserie.

Les også: Edin Øy (19): – Eg har lyst til å spele eliteseriefotball

Har trua på eigen målteft

Med 18 mål på 26 kampar for Nest-Sotra i fjor beviste nittenåringen Kasper Nissen at han har målteft, trass sin unge alder. Spørsmålet er om han kan gjere det same to divisjonar over.

– Eg har sjølvsagt tru på at eg kan score mål. Det vil eg gjerne hjelpe til med, seier Nissen.

Spissane han konkurrerer med har alle erfaring frå høgare nivå enn han sjølv. Difor stiller han truleg bakerst i køen om spissplassen og må nok overbevise i treningskampane for å rykke forbi.

– Eg er ein type som veit at eg må trene godt og gjere mitt, så er det opp til trenaren å bestemme. Det kan ikkje eg leggje meg opp i, seier han.

Budde på at innsats må ligge i botn

Bendik Bye har 26 scoringar på 58 kampar for Levanger på nest øvste nivå og kan spele både på kant og heilt på topp. Tre av måla kom då Levanger sikra ny kontrakt med siger mot allereie opprykksklare Sogndal i siste serierunde av sesongen 2015.

No ser trønderen fram til å bidra med nettkjenningar for eit lag som i fjor imponerte på dei fleste andre måtar enn i akkurat målprotokollen.

– Eg har lyst til å vere med å hjelpe. Det er difor eg er her, fordi eg har lyst til å spele meg inn på laget og bidra til at vi kan gjere ein enno betre sesong i år, seier Bye.

I fjor var løpsmaskina Ole Amund Sveen og duellsterke Martin Ramsland den føretrekte duoen til Bakke på topp. Både Nissen og Bye er budde på å legge att nokre dråpar svette for kvart speleminutt dei får.    

–Det er litt difor eg er her òg, vil eg tru. Eg er ein veldig fysisk spelar og det passar meg fint, seier Bye.

– Eg jobbar hardt for laget. Det er eg budd på, seier Nissen.

Kriblar i beina etter å komme i gong

Ein som kanskje ikkje scorar like mykje, men som gjerne bidreg i det offensive spelet, er midtbanespelar Eirik Schultze.

Han kjem frå Sandnes Ulf der han scora tre og var nest sist på like mange i førre sesong. No er han klar til å vise kva han kan saman med dei to andre nye på laget.

– Det er godt med ferie, men du kjem til eit punkt der det byrjar å krible i beina etter å komme i gang, seier Schultze etter at årets første trening er over.

Han skildrar seg sjølv som ein midtbanespelar som likar å vere med framover på bana.

– Eg pleier å springe ein del, noko eg høyrer passar godt inn her. Eg føler òg eg er god med ballen og har ein god pasningsfot, seier han.

Til toppen