FULL FOAJE: Mange tok turen då Lærdal Næringsutvikling heldt seminar om arrangementsutvikling måndag. Foto: Ole Ramshus Sælthun
FULL FOAJE: Mange tok turen då Lærdal Næringsutvikling heldt seminar om arrangementsutvikling måndag. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Her er tiltaka for å styrkja arrangementa i bygda

Ideane var mange under seminaret om arrangementsutvikling, der hovudmålet er å unngå utbrende eldsjeler og betre samhandling mellom dei ulike interessene.

Lærdal: – Me ønskjer folk, kompetanse og økonomi, sa Stian Vatlestad, styreleiar i Jordeplerock til forsamlinga i foajeen i Indre Sogn Kunstsenter måndag.

Forsamlinga bestod av folk som held arrangement, vil halda arrangement eller er part i arrangement på eit eller anna vis i Lærdal.

For det blir arrangert i stort monn i Lærdal; tre marknader, Jordeplerock, Kom heimatt og Gla` i Lærdal, til dømes. Men arrangementa står og fell på eldsjeler, tusenvis av timar frivillig arbeid og økonomi som gjerne så vidt går rundt. 

Les også: – Viss eldsjelene går leie, ramlar alt i hop

For å styrkja arrangementa hadde Lærdal Næringsutvikling (LNU) tromma i hop til eit seminar der represententar frå arrangørsida, næringslivet og kommunen fekk koma med sine synspunkt.

Artikkelen held fram under biletet

HOVUDPUNKT: Stian Vatlestad, styreleiar i Jordeplerock, oppsummerte langt på veg kvar skoen trykkjer for dei fleste arrangement; økonomi, kompetanse og folk i apparatet og som frivillige.
HOVUDPUNKT: Stian Vatlestad, styreleiar i Jordeplerock, oppsummerte langt på veg kvar skoen trykkjer for dei fleste arrangement; økonomi, kompetanse og folk i apparatet og som frivillige.

Skapar økonomi ved å dra vekslar på kvarandre

Vatlestad sette langt på veg opp hovudpunkta som var gjenstand for diskusjon i det vidare. Ekstern føredragshaldar, Atle Hovi, administrerande direktør ved Beitostølen Resort, fortalde mellom anna at næringslivet der gir 10 prosent av auken i årleg overskot til idrettslaget - som står for mange av arrangementa.

Han gav også nokre døme på korleis ein kan finna på eller leggja opp arrangement så deltakarar legg att pengar i det lokale næringslivet:

– Me har ein topp, Rasletind, som ligg på Valdresflye, ikkje langt unna Beitostølen. Det som var så fint med denne var at den var der, me trengde ikkje å byggja den. Så me marknadsførte guida topptur hit. Fullt toppturutstyr kostar 15 - 20 000 kroner, så då gjekk jo sportsbutikken tom for slikt. Og innehavaren på Svingen pub arrangerte afterski, trass i at det var mai og langt forbi den tradisjonelle skisesongen på Beitostølen - men han fekk like bra omsetnad som ei god helg midt på vinteren.

Helene Maristuen kom med framlegg om ein lokal variant av denne tankegangen:

– Under veterancupen kunne ein gje deltakarane bringebærlemonade frå Frigard søndagsmorgonen, då er dei sikkert tyste. Så kan ein klistra på postkort med info om når Lærdalsmarknaden er - slik kan ein marknadsføra neste arrangement og nytta lokale produkt. 

Med andre ord - arrangement kan skapa betre økonomi for det lokale næringslivet, som igjen gjer at næringslivet bør sjå seg interesserte i å bidra inn i arrangementa.

Og då dei frammøtte gjekk i grupper for å sjå på tiltak som kan styrkja arrangementa, likte Geir Berge Øverland frå «økonomigruppa» ordninga ein har på Beitostølen med at ein viss sats blir gitt frå næringslivet til det frivillige:

– At ein tek ein viss bit av omsetnadsauken i næringslivet til arrangementa hadde eg sansen for. I tillegg meiner me i gruppa arrangørane kan bli betre på å vurdera sitt eige inntektspotensiale. Kva kan ein tena pengar på? Det kjem tusenvis til Lærdalsmarknaden, men ein betalar  ikkje eitt øre for å parkera. Elles trur gruppa vår at det er mykje å henta på å profesjonalisera sponsorarbeidet. Her er det for mykje amatør. 

Artikkelen held fram under biletet

ENGASJERT: Atle Hovi, administrerande direktør ved Beitostølen Resort, kom med fleire døme frå korleis dei organiserer seg på Beitostølen som forsamlinga i Lærdal tok til seg.
ENGASJERT: Atle Hovi, administrerande direktør ved Beitostølen Resort, kom med fleire døme frå korleis dei organiserer seg på Beitostølen som forsamlinga i Lærdal tok til seg.

Koordinator kan tilføya kompetanse og struktur

Då er ein meir inne på kompetanse. Her var Hovi frå Beitostølen inne på ei ordning som båda tilføyer kompetanse og samhandling; han fortalde at ein har ein arrangementskoordinator i Øystre Slidre, finansiert med ein tredel frå kommunen si side og to tredeler frå idrettslaget si side. 

Trond Øyen Einemo i gruppa som skulle koma med framlegg til tiltak for betre samhandling meinte ei ordning i den retninga måtte vera noko å tenkja på:

– Har ein eitt kontaktpunkt - og det treng ikkje vera rådmannen - slepp ein å høyra at «det er ikkje mitt ansvar, spør nokon andre» mange gonger. Dei irrgangane er utruleg frustrerande.

Fleire var også inne på at arrangementa i større grad kunne nytta seg av dei same ressursane også på utstyrssida, mellom anna rådmann Alf Olsen jr.:

– Kommunen kan nok tenkjast å bidra med meir utstyr som blir felles for alle. 

Artikkelen held fram under biletet

GRUPPEARBEID: Dei frammøtte diskuterte ulike tiltak i grupper, her Jarle Molde (f.v.), Robert Einemo, Lise Cirotzki, Stian Vatlestad og Jon Tamnes.
GRUPPEARBEID: Dei frammøtte diskuterte ulike tiltak i grupper, her Jarle Molde (f.v.), Robert Einemo, Lise Cirotzki, Stian Vatlestad og Jon Tamnes.

– Det handlar om å gjera stas på dei frivillige

Også på bemanningssida såg forsamlinga føre seg det ville bli enklare med betre organisering gjennom ein form for samlande person eller «sentral».

Første bod her blir at potensielle frivillige - naturlegvis også publikum - veit om arrangementa som er:

– Det er eit konglomerat av infokanalar. Facebook er bra. men alle finst ikkje der. Me jobbar med ein aktivitetskalendar på kommunen sine nettsider der målet er å få inn alt - men då må me også få vita om det, sa Magnhild Aspevik.

Og ein utvida kalender eller årshjul med rett og systematisert info ville kunne hjelpa mykje, meinte mellom andre Trine Grøttebø:

– Ein kan definera oppgåver i eit årshjul og såleis få felles bruk av vakter, til dømes. Informasjonen om arrangementa må dessutan koma i god tid.  

Ho føreslo vidare at alle arrangement møtest ei gong i året for å koordinera seg.

Og samlingar ville kunne hjelpa på også på andre vis, meinte fleire:

– Eg og sambuaren er frivillige under hopprenna i Vikersund og der har dei kick-off tre gonger som alle frivillige blir inviterte på, sa Halvard Lunden.

– Det handlar om å gjera litt meir stas på dei frivillige, tilføya Astrid Trulssen

– Og slikt kan næringslivet finansiera, meinte dagleg leiar i LNU, Arve Tokvam,

Til toppen