TILTAK: Inga Jane Vie Karlsen, prosjektkoordinator i Lærdal Næringsutvikling, la fram dei fem tiltaka bedriftsleiarar flest er opptekne av i Lærdal. Innspela kjem av intervju LNU har gjort med 18 næringslivsleiarar. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
TILTAK: Inga Jane Vie Karlsen, prosjektkoordinator i Lærdal Næringsutvikling, la fram dei fem tiltaka bedriftsleiarar flest er opptekne av i Lærdal. Innspela kjem av intervju LNU har gjort med 18 næringslivsleiarar. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Her er tiltaka som skal skape ein utviklingskultur for framtida

– Det handlar rett og slett om å profesjonalisere arbeidet litt, seier Inga Jane Vie Karlsen.

Lærdal: Styrearbeid, strategiarbeid, økonomi- og rekneskapsforståing, forretningsutvikling og forståing av marknaden.

Basert på intervju med næringslivsleiarar i Lærdal var dette dei fem viktigaste tiltaka som må til for at deira bedrift skal bli betre. 

– Det er vel kanskje slik at me driv av gamal vane, seier Kjell Olav Bjørkum, som driv enkeltpersonsføretak i Lærdal.

Basert på innspel

Måndag deltok han på den tredje «Tataki-kafeen» som Lærdal Næringsutvikling (LNU) har arrangert i løpet av dei siste månadene. No var aktørar frå næringslivet samla for å diskutere om nettopp desse tiltaka var det som bedrifter flest ønskte å bli betre på. 

– Dette er basert på innspela me har fått frå næringslivet sjølv. Er det ein ting som er vesentleg for bedriftene, så er styrearbeidet, der styret i altfor stor grad ikkje vert brukt eller består av familie og vener, seier Inga Jane Vie Karlsen, prosjektkoordinator i LNU. 

Artikkelen held fram under biletet.

MÅ TA TAK: – Viss ikkje næringslivet tek tak, kan ein ikkje forventa at det skjer noko heller, seier Harald Blaaflat Mundal (t.v.), dagleg leiar i Lærdal Grønt. Kjell Olav Bjørkum sit til høgre.
MÅ TA TAK: – Viss ikkje næringslivet tek tak, kan ein ikkje forventa at det skjer noko heller, seier Harald Blaaflat Mundal (t.v.), dagleg leiar i Lærdal Grønt. Kjell Olav Bjørkum sit til høgre.

Saman med næringslivet ønskjer LNU no å skape ein utviklingskultur for framtida i Lærdal. Prosjektet har fått det klingande namnet «Tataki», og det er det næringslivet sjølv som må gjere, understrekar ho.

– Ja, saman med oss. Me skal leggja til rette og bruke av omstillingsmidlar slik at me kan gå styrka ut av denne perioden med ein kultur som dreg dette arbeidet vidare, seier ho. 

Næringslivet må ta tak sjølv

Lærdal er inne i sitt neste siste år som omstillingskommune. Difor er det no heilt essensielt at bedriftene sjølve tar tak og ansvar for å skape arbeidsplassar og utvikling i framtida. Karlsen føler bedriftene er villige til det, men er bedriftene det?

– Me må jo det. Det er verken kommunen eller LNU som etablerer nye arbeidsplassar. Dei skal vera ein tilretteleggar. Viss ikkje næringslivet tek tak, kan ein ikkje forventa at det skjer noko heller, seier Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal Grønt. 

Han har tru på at Lærdal skal nå måla sine om å skape fleire arbeidsplassar og få fleire nye innbyggjarar i løpet av omstillingsperioden og i åra etter. 

– Dette er jo felles mål som bedriftene også deler, men dette er område ein alltid kan bli betre på. Eg trur det er noko bedriftene er interesserte i å jobbe med, og så er spørsmåla kor mykje tid ein klarar å setje av til det, held han fram.

Styrearbeid er viktig

Det er nettopp her utviklingsarbeidet kan bli ei utfordring for mange i ein elles travel kvardag der mykje av fokuset ligg på drift. Då kan eit profesjonelt styre vere løysinga, meiner Arve Tokvam, dagleg leiar i LNU.

– Difor er styrearbeidet så viktig. Det er mange små bedrifter med ein dagleg leiar, men skal ein gå gjennom strategi, forretningsutvikling og alt det der, er ein avhengig av at nokon sparkar deg på leggen. Det kan eit styre gjere, seier han. 

Då er møteplassar viktig, og dette var også tema måndag kveld – om ein skal treffast uformelt, formelt, gjennom frukostmøte eller dagsseminar. 

Til toppen