Sogndal: Akkurat no sit studentar over heile landet og (forhåpentlegvis) niles til eksamen. Det kan slite på både kropp og psyke, noko Høgskulen på Vestlandet ønskte gjere sitt for å forhindre.
– Vi tenkte studentane kunne ha godt av å hoppe og sprette litt oppi alt det alvorlege i eksamenstida. Og kanskje få dei til å trekke på smilebandet, seier Tove Takvam Uglum.
Les også: For kjærasteparet frå Sogndal går skulevegen gjennom lufta
Les også: I haust kjem 1000 studentar hit for å konkurrere
Ho er rådgjevar i Seksjon for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet og med i ei eiga gruppe for sosiale medium. Det var på eit redaksjonsmøte der at nokon føreslo å gå ut med mobilen og filme litt kvar. Resultatet vart ein kort liten snutt med studentar som tek knebøy ved pulten, spring i treppene, klemmar, tøysar, hoppar bukk og dansar.
– Det er lett å få studentane til å stille opp. Det er berre å spørre, seier Takvam Uglum.
Måndag la dei ut videoen og to dagar seinare har den nådd ut til 55 000 og fått over 19 000 visningar på Facebook.
– Vi synst det er gøy når studentane er sporty og stiller opp og eg trur dei set pris på at vi gjer noko litt utanom det vanlege, som gjer at dei kan få kople litt av, seier Takvam Uglum.