TOPPTURTIPS: No som Tindevegen har opna, er det mange som legg turen til Årdal og vidare til Turtagrø for å gå på ski i fjellet. Mange av desse er gjestar hjå Kristoffer Nystedt i Utladalen. Han gir deg tre av sine beste toppturtips. Foto: Privat.
TOPPTURTIPS: No som Tindevegen har opna, er det mange som legg turen til Årdal og vidare til Turtagrø for å gå på ski i fjellet. Mange av desse er gjestar hjå Kristoffer Nystedt i Utladalen. Han gir deg tre av sine beste toppturtips. Foto: Privat.

Her er tre av hans beste toppturtips

Med Tindevegen open er tindane i Jotunheimen så nære at ein nesten kan strekke seg etter dei. På Utladalen Camping merkar Kristoffer Nystedt trøkket frå folk som skal besøke toppane før snøen reiser.

Årdal: Randonee har nærast blitt ein folkesport dei seinare åra. Stadig fleire ønskjer å kome seg ut i naturen, og for nokre er ikkje ein tur rundt nabolaget nok. 

Når Tindevegen mellom Øvre Årdal og Turtagrø opnar, startar gjerne skisesongen i høgfjellet som omkrinsar Årdal også. 

– Randonee er blitt så populært og den nye toppturgleda for mange. Opninga av Tindevegen markerer starten på slutten av sesongen, der mange gler seg til opninga fordi dei skal opp i fjellet. Eg får mykje besøk i denne perioden. Eg har kompisar eg aldri høyrer frå elles i året, men når Tindevegen opnar, ringer dei, ler Nystedt.

MYKJE BESØK: Nystedt fortel at kompisar han elles ikkje høyrer frå alltid plar ringe når Tindevegen har opna. Då vil dei kome på besøk og gå på ski.
MYKJE BESØK: Nystedt fortel at kompisar han elles ikkje høyrer frå alltid plar ringe når Tindevegen har opna. Då vil dei kome på besøk og gå på ski.

Heldige

Opplevingar i naturen rundt Årdal er kanskje det viktigaste produktet han sel gjennom Utladalen Camping og Svalheim Gard. I tillegg er han ein svært bevandra mann i fjellheimen. 

– Me er utruleg heldige som bur så nære desse destinasjonane fordi me kan då legge opp turane etter vêret. Er det dårleg vêr, kan ein ta ein tur i lågare terreng, og så heller ta ein lengre tur når det er pent, fortel han.

Klare råd

Han har plukka ut tre av sine favoritturar på denne tida av året, alle med utgangspunkt i Tindevegen «for oss som tykkjer det er kjedeleg med ein lang innmarsj», seier han. Men først har han nokre klare oppmodingar.

Les også: Bli med på opninga av Tindevegen

– Det er relativt sikkert å køyre dei fleste stader, men det er alltid ein viss fare, så det å snakke med folk med kunnskap og erfaring er alltid lurt i tillegg til å sjekke nettsider som varsom.no. Dessutan er det alltid ein større risiko å gjere ting åleine enn saman med andre, understrekar han.

– Er ein fersk, bør ein lene seg på noko med erfaring.

Artikkelen held fram under biletet.

UTSIKT: Nystedt var sjølv på tur nyleg og deler bileta gjennom Facebook-sida til Utladalen Camping. Her er Hurrungane bada i sol. 
UTSIKT: Nystedt var sjølv på tur nyleg og deler bileta gjennom Facebook-sida til Utladalen Camping. Her er Hurrungane bada i sol. 

Nystedt meiner det kan vere lurt å øve seg litt viss det er ei stund sidan sist ein stod på ski, men at det elles handlar om å vere komfortabel i nedkøyringa, men også at ein er i såpass grei fysisk form at ein kjem seg opp. 

1. Lauvnostind

– Dette er ein av mine store favorittar, der ein kan få seg ein luftig spasertur på toppen viss ein ønskjer det, og ei artig nedkøyring. 

2. Åsete-Murane

– Ønskjer ein å ta ein fjellskitur, er turen frå Åsete og inn til Austabotnvatnet og vidare inn til Murane ein fin tur. Her kan ein stå på ski frå Murane og nedover langs vegen til skihytta i Fardalen att.

– Dette er ein flott rundtur med variert terreng. Dette er ein langrennstur som passar heile familien.

3. Dyrhaugstind

– Denne turen er seig og lang, og på ein skala frå 1-5 vil eg seie at dette er ein 4-ar når det kjem til vanskegrad. Men det er ei lang, fantastisk nedkøyring. Dette er ein tur eg ikkje tar for ofte, men eg er alltid innom eit par gonger i året. 

Til toppen