BAKT POTET: Slik kan det òg sjå ut, når dei bakte potetene slår seg lause i selskap med sjølvaste fjelldronninga. Foto: Carl Martin Nordby/NTB Scanpix.
BAKT POTET: Slik kan det òg sjå ut, når dei bakte potetene slår seg lause i selskap med sjølvaste fjelldronninga. Foto: Carl Martin Nordby/NTB Scanpix.

Her er vår kandidat til årets potetrett

Dei årvisse bygdekåringane av årets potet får med dette selskap av «årets potetrett» og den sjølvutnemnde vinnaren vår: Asterix med Fjelldronning.

  • Endret

(NPK-NTB Tema): At bakte, ferske, norske poteter er godt, er heva over kvar ein tvil. Korleis ein bakar potetene, kva topping ein vel, og korleis ein serverer retten, er heilt opp til eigen fantasi og smak.

Fantasien min strekkjer seg i dette tilfellet til å bake nydelege asterixpoteter med smør og litt salt til dei er gyllenbrune og mjuke.

RIKTIG REDSKAP: Potetene blir knuste med botnen av ein kjele (sjå oppskrifta under).
RIKTIG REDSKAP: Potetene blir knuste med botnen av ein kjele (sjå oppskrifta under).

Asterix er ein av dei rimelegare «allroundpotetene». Tilgjengeleg og alltid i fin form, lite krikar og krokar, lett å skrelle, og fin i fargen og konsistensen etter baking eller koking. Poteten ein vel til denne retten, må etter bakinga verka mjølen og mør framfor hard, seig og/eller smulete. Poteter som elles kan vere ypparlege, som ringerikspotet og mandelpotet, passar ikkje i denne retten, heller ikkje dei store, limete bakepotetene ein får kjøpt.

Dei ferdigbakte Asterix-potetene utgjer ein basis med enkel og god smak. Eg legg dei på tallerkar og gir dei ein dytt med noko tungt, for eksempel botnen på ein kjele. Potetene vil dermed krakelere og er klar for å ta imot godsakene som dalar ned ovanfrå.

Avdem Gårdsysteri på Lesja lagar både ein perfekt ost og ein fyldig, krema rømme til dette formålet. Osten, som ber det fjonge og ugløymelege namnet Fjelldronning, er ein hyllest til budeiene – eller fjelldronningane – som i alle år har stått for stølsdrifta. Osten er perfekt mjuk i konsistensen mot dei varme potetene og har ein fabelaktig, moden aroma. Både rømmen og osten har velfortent fått Matmerks spesialitetspris. Finn du ikkje Fjelldronning i ostedisken, er Ridderost eit godt val – denne velkjende osten har god smelteevne og fyldig smak.

Dette kan gjerne etast som ein vegetarrett, men eit ramsalt innslag av spekemat høgnar opplevinga for kjøtetarar. Røykte, speka reinsdyrhjarte, fenalår eller skinke passar omtrent like godt. Personleg held eg ein knapp på hjarta.

Rå løk blir gjerne litt for sterkt saman med desse smakane, så vi vel heller den milde og grøne grasløken. Legg til nokre nysteikte traktkantarellar, og kombinasjonen kan trygt bli utnemnd til årets potetrett.

Smørbakt potet med rømme, ost og fenalår

Ingrediensar (4 personar):

  • 4 matpoteter à 150 g
  • 150 g Avdem smør (ev. vanleg smør)
  • salt og pepar

– --

  • 50 g Fjelldronning eller Ridderost
  • 100 g fenalår eller spekt, røykt reinsdyrhjarte
  • 8 ss Avdem-rømme
  • 8 ss grasløk
  • 100 g traktkantarellar
  • 1 ss solsikkeolje
  • 1 ss smør
  • salt
TRAKTKANTARELL: Nydeleg til bakt potet.
TRAKTKANTARELL: Nydeleg til bakt potet.

Slik gjer du det:

Smørbakt potet: Skrell og skyl jamstore poteter. Legg dei i den eldfaste porselensforma saman med smøret og litt salt. Slå to lag folie rundt, slik at den er heilt tett. Set i omnen på 180 grader. Væska i smøret er nok til at det dampar inni forma. Rist litt på forma etter 20 minutt slik at potetene rullar rundt. La dei stå i 20 minutt til. Ta av folien og steik potetene vidare til dei blir gyllenbrune. Legg potetene på tallerkar og gi dei ein dytt med noko tungt, for eksempel botnen på ein kjele.

Godsaker: Skjer gode flak av osten og legg dei rundt på tallerkane. Legg to skeier rømme på kvar potet. Skjer fenalår, røykt, spekt reinsdyrhjarte eller anna superb skinke i tynne skiver og dryss over. Strø mengder med finhakka grasløk og nysteikte traktkantarellar over.

Traktkantarell: Varm opp ei stor steikjepanne og ha i 1 ss solsikkeolje. Legg i soppen og la han liggje utan å røre på panna til han har fått ei fin steikjeskorpe. Trekk panna litt til side og tilset smør, salt og pepar. Steik soppen vidare til det luktar godt og soppen har fått ein fin farge.

Til toppen