TIL TOPPS: Martin Brøste er journalist og fantasyekspert. Etter tretti rundar var det han som samla mest poeng av alle som deltok i ligaen til Porten.no.
TIL TOPPS: Martin Brøste er journalist og fantasyekspert. Etter tretti rundar var det han som samla mest poeng av alle som deltok i ligaen til Porten.no. (Erik Birkeland)

Her er vinnaren av årets Fantasy-liga

Forklarar suksessen med flaks – og at han unngjekk å velga spelarar frå Sogndal til drøymeligalaget.

Sogndal/Molde: – Sogndalsdrakta må berre bli ramma inn og hengt på veggen, seier Martin Brøste, moldensaren som stakk av med sigeren i Fantasy-ligaen til Porten.no.

Årets utgåve av konkurransen var den første i historia. Eliteserien Fantasy er spelet der du får testa deg som fotballmanager, når du skal velga det laget du trur kan sanka flest poeng kvar runde og gjennom sesongen.

Etter tretti eliteserierundar enda Brøste på 1565 poeng, 21 meir enn Thomas Frydenberg på andre og 28 meir enn Eirik Natvik på tredje. Premien er ei sogndaldrakt, som no er på veg i posten til den heldige vinnaren.

VINNARLAGET: Slik såg ellevaren ut etter siste serierunde.
VINNARLAGET: Slik såg ellevaren ut etter siste serierunde. Bilde: Skjermdump/Fantasy Eliteserien

Og nøkkelen til suksessen?

– Det var kanskje å unngå sogndalsspelarar, når det gjekk som det gjekk der, seier Brøste.

Han fortel at han har brukt eit par timar før kvar runde til å finsikta laget. Men at han traff så godt som han gjorde, skuldar han like mykje på flaks. 

– Eg har ikkje site døgnet rundt med dette, seier Brøste.

Han bur i Molde og det er òg laget hjartet hans bankar sterkast for. Noko andre band til Sogn har han ikkje, anna enn at han vart tipsa om å delta i Porten.no-ligaen av ein sogndalsupportar. 

– Når det låg ei sogndaldrakt i potten, så var det berre å slenga seg med. Det er ikkje tvil om kva som blir laget mitt i obosligaen, i allefall, seier Brøste.

Til toppen