FANTASY-KONGEN: Etter ti rundar spelt av Eliteserien er det Tor Arve Skjerven frå Øvre Årdal som leiar Fantasy-ligaen til Porten.no. Då vankar det premie. Foto: Porten.no.
FANTASY-KONGEN: Etter ti rundar spelt av Eliteserien er det Tor Arve Skjerven frå Øvre Årdal som leiar Fantasy-ligaen til Porten.no. Då vankar det premie. Foto: Porten.no.

Her er vinnaren av første tertial i Fantasy-ligaen til Porten.no

Tor Arve Skjerven frå Øvre Årdal tykkjer det er deilig å «bragging rights» på skiftet sitt på Norsun.

  • Endret

Årdal: Etter ti spelte rundar av Eliteserien, var det Skjerven som leia Fantasy-ligaen til Porten.no. 

Det vil seie, eigentleg var det Jan Are Øvstetun frå Årdalstangen som låg på 1. plass, men sidan han kasta seg med i kampen i runden før, følte han det var mest rettferdig å gi premien til ein som har vore med frå starten.

Bli med i Fantasy-ligaen til Porten.no du også. Koden vår er 6029-4701.

Skjerven takkar for det og gir forklaringa på kvifor nettopp han låg øvst etter ti rundar.

– Fordi eg best. Hehe, nei, eg veit ikkje. Det er tilfeldig, reknar eg med. Det er jo jamnt, seier han.

Lært mykje av den engelske versjonen

Det har han heilt rett i. I skrivande stund er det drøye 50 poeng som skil nummer éin og nummer ti, som er Porten.nos eigen redaktør Truls Grane Sylvarnes. Elles er det verdt å nemne at Sogndal-kaptein Henrik Furebotn gjer det skarpt med ein 6. plass.

Skjerven fortel at han har grei peiling på Eliteserien og at han brukar passe med tid på spelet, som over 70 000 andre nordmenn brukar tid på.

– Eg har spelt mykje Fantasy Premier League. Det var der det opprinneleg byrja. Så eg har lært litt der. Fantasy kan vere ganske altoppslukande, spesielt når me spelte den engelske, seier han.

Ser på kampane som kjem

– Har du nokre tips å koma med?

– Eg ser litt på kampane som kjem framover i tid. Eg ser minst på seks kampar fram i tid. Då ser eg på kven som har lette motstandarar. Ein kan ikkje tenkja ein kamp om gongen, seier han.

Porten.no gratulerer Tor Arve med premien, ei trøya av laget han følgjer mest med på i Eliteserien – Sogndal. 

Neste haldepunkt no er 20 rundar. Då ventar det ny premieutdeling.

Til toppen