Øvre Årdal: Løparen frå IL Fanaråk måtte laurdag ta til takke med ein 3. plass i Hydro Rundt, men det heldt likevel til ein siger i trippelen.
Resultat Hydro Rundt
Herrer
Svein Inge Buhaug 24.35
Halvard Seim Lysne 24.41
Per Ove Walaker 25.00
Kvinner
Selina Asperheim Barsnes 30.56
Ann Kristin Midtun 31.35
Anita Tveit Neset 33.00
– Eg var aldri nervøs. Eg følte at med to minutt hadde eg kontroll. Det var ingen vits å reisa frå start. Eg visste at Svein Inge Buhaug var tøff, og eg såg eg tok innpå dei i trappene opp til Ytre Moa. Då tenkte eg at eg ville prøva, sprang forbi dei nedoverbakken, men vart tatt igjen, seier ein nøgd Walaker.
Buhaug raskast
Nemnde Buhaug var raskast av alle laurdag og først over målstreken.
– Det var gøy og litt uventa. Eg hadde ikkje tru på at eg skulle klarar å halde følga med desse. Det vart tett ved porten på verket, eg vart litt redd for spurt, så då drog eg på, og det greidde eg å halde inn til mål. Det var ei fantastisk fin løypa, seier han.
Like bak kom Hallvard Seim Lysne, som låg to min minutt bak i samandraget og var næraste utfordrar til Walaker. Det heldt ikkje til samanlagtsiger, men Lysne var nøgd likevel.

– Eg hadde ikkje venta å ta inn forspranget uansett. For min del var det litt for mykje nedoverbakke. Eg visste på førehand at eg har styrken min i motbakke.
Midtun tok trippelen
På kvinnesida var det Selina Asperheim Barsnes som sprang først over målstreken, men vinnaren av trippelen vart som venta Ann Kristin Midtun, som blei nummer to i dagens løp.

Det var stor aktivitet på torget i Øvre Årdal i dag og mange hadde møtt opp for å heia løparane i mål. Walaker, som kjem frå Luster, likte den nye løypa som erstattar Heirsnosi Opp.
– Det er difor eg kjem. Det er artig å konkurrera mot Roy Olsen og Hallvard Seim Lysne, som er to fair løparar. Eg tykte løypa var fin, og eg trur dette kan bli ein suksess. Det var mange som heia sjølv om eg ikkje er frå Årdal, smiler han.