KULTURPRIS: Laurdag blei fotograf og biletkunstnar Jens Hauge tildelt Lærdal kommune sin kulturpris. Foto: Anne Karin Skjær.
KULTURPRIS: Laurdag blei fotograf og biletkunstnar Jens Hauge tildelt Lærdal kommune sin kulturpris. Foto: Anne Karin Skjær.

Her er vinnaren av Lærdal sin kulturpris

Laurdag tildelte Jan Geir Solheim og Torunn Liltvedt ut Lærdal kommunes kulturpris.

Spenninga var stor då tildelinga skulle skje under Lærdalsmarknaden laurdag. 

– Eg er veldig glad for at me fekk inn mange forslag til formannskapet denne gongen. Me hadde mange verdige kandidatar, og det var vanskeleg å velje rett. Det blei likevel heilt einstemmig, og valet falt på denne personen, innleia ordførarar Solheim.

Og personen dei vart einstemmig einige om å tildele prisen til var Jens Hauge, som for tida har ei utstilling hengande på Sogn kunstsenter.

Landskapsbilete i svart-kvitt

Hauge er fotograf og biletkunstnar og debuterte i 1976. Det er nok landskapsbileta hans i svart-kvitt han er mest kjend for, men han har òg arbeidd med surrealisme i iscenesetjingar, kvardagen, organiske former og landskap. 

LES OGSÅ: Same landskamp sett med ulike auge

Dette vart også trekt fram i grunngjevinga frå Liltvedt.

– Han byrja å fotografere alt tidleg på 70-talet, og hadde si fyrste separate utstilling i Bergen i 1976. Han er mest kjent for sine stilferdige landskapsfotografi i svart og kvitt. Han har hatt ei rad med utstillingar i 40 år, både i innland og utland.

– Bringe Lærdal til verda

I den vidare begrunninga trekte formannskapet blant anna fram Jens Hauge si tilknytning til Hans Gjesme, mannen han stiller ut saman med Sogn kunstsenter.

Alt frå dei traff kvarandre  i 1971 hadde han vore oppteken av Gjesme sin kunst, og engasjert seg for at den store kunstsamlinga ikkje skulle gå tapt. I utstillinga «Fellesrom» har Hauge lagt ned mykje arbeid, og utstillinga viser interessante samanhengar mellom Gjesme og Hauge.

– Dette er ei stor ære. Ved hjelp av kunst har me høve til å bringe Lærdal til verda, og verda til Lærdal, sa den verdige prisvinnaren, som takka for den ærefulle utmerkinga.

Til toppen