HISTORISK: Her legg passasjerferja Vision of the Fjords til kai i Flåm for første gong. Tysdag vert den endeleg sett inn i rute.
HISTORISK: Her legg passasjerferja Vision of the Fjords til kai i Flåm for første gong. Tysdag vert den endeleg sett inn i rute.

Her er Vision of the Fjords endeleg på plass i Flåm

Den mykje omtala passasjerbåten la i fem-tida i dag til kai i Flåm, men blir først sett i fast rute over helga. 

Det fortel Rolf Sandvik i The Fjords, selskapet som eig båten.

– No legg ho til i Flåm, så no er ho her. Det er veldig etterlengta. For oss er det ein heilt fantastisk deilig dag, seier han like før båten kjem seglande inn til kaia for første gong.

Båten skulle opprinneleg vere i drift for snart ein månad sidan, men starten vart utsett fleire gongar. Utan at det er noko Sandvik tenkjer for mykje på akkurat no.

– Slik er det å byggje prototypar og vere verdas første i sitt slag. Me visste dette ville bli eit ambisiøst prosjekt for alle involverte. Men vi har fått ei løysing som me er veldig stolte over, seier han. 

Båten vil gå i fast rute mellom Flåm og Gudvangen frå tirsdag, der den første turen vil gå klokka 8 frå Gudvangen. Fram til då vil båten ta nokre uannonserte testturar med passasjerar ombord.

Den 40 meter lange karbonfiberbåten kan ta opptil 400 passasjerar og er ein ladbar hybrid som vekslar mellom å gå på straum og diesel. Det skal gje mindre støy og ureining når turistar blir frakta gjennom norsk natur på Nærøyfjorden.

– Dette er ein merkedag for oss. Samstundes håper me det vil bli ein «gamechanger» i bransjen. Me ønskjer at fleire kjem etter og gjer det same som oss, slik at me kan ta betre vare på den fantastiske naturen me er sett til å forvalte, seier Sandvik.

Til toppen