Frå venstre: Her viser ungane fram noko av det dei har laga i løpet av ei økt på Kulturspiren. Iben, Guro Kristine, Eivor, Alvilde, Katja, Embla, Maria, Maja, Lea Isabella, Konstantin og Sander.
Frå venstre: Her viser ungane fram noko av det dei har laga i løpet av ei økt på Kulturspiren. Iben, Guro Kristine, Eivor, Alvilde, Katja, Embla, Maria, Maja, Lea Isabella, Konstantin og Sander.

Her får dei utfalde kreativiteten: – Ungane elskar det​

Kulturspiren i Sogndal er eit populært tilbod til barn og unge, men dei manglar sårt frivillige instruktørar. 

Sogndal: Kulturspiren er eit dugnadsbasert aktivitetstilbod i Sogndal for ungar mellom fem og femten år. Her kan ungane prøve seg på ulike stasjonar med spikking, måling på staffeli, kortlaging, brodering, perling, teikning, eller anna arbeid som både krev flinke hender og eit kreativt blikk.

TRENG FLEIRE: For at Kulturspiren skal ha ei framtid, trengst det fleire frivillige instruktørar, seier arrangementsansvarleg Karoline Eggum Lerum.
TRENG FLEIRE: For at Kulturspiren skal ha ei framtid, trengst det fleire frivillige instruktørar, seier arrangementsansvarleg Karoline Eggum Lerum.

– Ungane elskar det, det er verre å få dugnadsfolket med som instruktørar. Eg håpar me kan halda fram, men me er heilt avhengige av at folk stiller opp, seier Karoline Eggum Lerum, marknads- og arrangementsansvarleg på kulturhuset i Sogndal. 

Les også: Treng frivillige som er glade i Lærdal
Les også: Her drillar dei inn siste tonane før Påskerock-debuten

Ung kreativitet

Kulturspiren blir halden 4-6 gonger i året. Det kostar femti kroner å vere med, men alle pengane går til innkjøp av naudsynt utstyr.

July Michelle Berge har nettopp flytta til Sogndal og var med for første gong. Ho rakk å spikke og male ein båt, samt lage nokre kort.

– Eg er ganske glad i å lage ting. Det er ganske morsomt, seier ho og stadfestar at ho gjerne kjem att ved eit seinare høve.

FARGERIKT: July Michelle Berge var på Kulturspiren for første gong og kjem gjerne att. Her viser ho fram båten ho har spikka.
FARGERIKT: July Michelle Berge var på Kulturspiren for første gong og kjem gjerne att. Her viser ho fram båten ho har spikka.

Tek gjerne mot fleire hender

Arrangementsansvarleg Karoline Eggum Lerum deltok sjølv då ho var lita og har gode minner og ein masse krimskrams i kjellaren frå den tida.

No håpar ho at fleire har lyst til å bidra slik at nye generasjonar skal få den same gleda.

– Skal dette vare så er me heilt avhengige av frivillige. I dag er det alt frå bestemødrer til studentar som er med og hjelper til. Så viss nokon vil bli med, så er det flott, seier Eggum Lerum.

 

Til toppen