SPENTE: Kyrkja var nesten full då folk hadde møtt opp for å gi si røyst om preikestolen skal inn att i Tønjum kyrkje eller ikkje. Her ventar dei spent på svaret. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SPENTE: Kyrkja var nesten full då folk hadde møtt opp for å gi si røyst om preikestolen skal inn att i Tønjum kyrkje eller ikkje. Her ventar dei spent på svaret. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her får dei vite om preikestolen skal inn att​

Preikestolen skal tilbake. Det gav kyrkjelyden i Tønjum kyrkje klar beskjed om då dei søndag røysta for å få den mykje omtale preikestolen tilbake. 

Lærdal: Kyrkja var nesten fylt til randen då framtida til den mykje omtala preikestolen skulle avgjerast. Då røystene var talde opp, synte resultatet at 89 av 114 ville ha preikestolen tilbake. 22 sa nei, medan 3 røysta blankt.

– Eg føler ei lette at me fekk så ei klar avstemming i soknet. Det er retningsgjevande for soknet sitt svar til biskopen.Ssoknerådet har no éin ting å gjera, og det er å få han inn att i kyrkja, seier Halvard Eri, som har vore med i aksjonsnemnda for å få preikestolen attende. 

Det skulle også røystast over kor preikestolen skulle plasserast – på same stad eller ein annan stad. Her meinte fleirtalet at den skulle inn på same stad. Leiar i soknerådet, Audun Mo, er glad for at resultatet er så tydeleg.

– Det verste hadde vore om det var nærare 50-50. No har me fått eit stort fleirtal for å ta han inn att, og vår oppgåve er å gjere som folket vil, seier han. 

Tok for mykje plass

Det var i mars 2015 at kyrkjelyden kom til gudteneste og så var preikestolen vekke. Årsaka var at dei tilsette i kyrkje meinte den 185 år gamle preikestolen tok for mykje plass. 

Artikkelen held fram under biletet.

MANGE RØYSTA: Heile 114 personar røysta etter gudstenesta søndag. 89 av desse ville ha tilbake preikestolen der han stod.
MANGE RØYSTA: Heile 114 personar røysta etter gudstenesta søndag. 89 av desse ville ha tilbake preikestolen der han stod.

– Angrar de på at det gjorde dette?

– Det vil eg ikkje seie. Det var godt meint og eit ønske frå prest og tilsette. Styret lytta til dei og såg ikkje heilt konsekvensane. Eg trur at dersom informasjonen hadde vore betre den gongen, ville ikkje dette vore ei så stor sak, meiner Mo. 

– Fungert godt utan preikestolen

Helene Langeland var prest i dagens gudsteneste. Ho var ei av dei som meinte det kunne vera praktisk å fjerne preikestolen.

– Me ønskte ei kyrkje som var meir fleksibel i bruken. Det vart løfta fram frå salen at preikestolen berre skal brukast av presten, men eg vil ikkje at prestar skal heve seg høgt over andre. Viss berre prestar skal stå der, er han unyttig. Eg brukar han sjeldan sjølv, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet.

BETRE PLASS: Preikestolen pleide å stå til høgre for alteret der som dei to stolane står på biletet.
BETRE PLASS: Preikestolen pleide å stå til høgre for alteret der som dei to stolane står på biletet.

– Korleis er erfaringane i den tida preikestolen har vore vekke?

– Eg er berre meg, men eg synest at kvart arrangement har talt for at me gjorde rett i å ta han ut.

Sjokkert og irritert

I sjokk og irritasjon vart det danna ei aksjonsnemnd kort tid etter preikestolen vart teken ut. Det samla mellom anna 375 underskrifter. Det lytta ikkje soknerådet til, men bestemte at ein skulle prøve ut dette i to år. 

Eitt år etter, i april, bad aksjonsnemnda om ei raskare avgjerd kring preikestolen i frykt for at han skulle ta skade av lagringa. Søndag fekk ei svaret sitt. 

Artikkelen held fram under biletet.

FØR: Her kan ein sjå korleis det såg ut i kyrkja då preikestolen framleis stod der.
FØR: Her kan ein sjå korleis det såg ut i kyrkja då preikestolen framleis stod der.

– Når du har vakse opp med ei kyrkje som du er døypt og konfirmert i og har budd i Lærdal heile livet, så har ein ein viss identitet til kyrkja. Me vil ha ho slik ho skal vera. Det er ei verna kyrkje med verna inventar, forklarar Eri.

– Har du forståing for at dei ville ha meir plass?

– Viss ein ser tilbake i tid, har denne kyrkja vore stappande full med preikestolen der han stod. Det har vore gravferder og dåp med mykje folk som har takla situasjonen godt. Er det større arrangement med kor og musikk, har me ei kyrkje på Øyri som me kan nytte. Det er ikkje noko problem for oss å reise dit.

Mo seier at dei tar sikte på å ha preikestolen tilbake før jul.

Til toppen