FYLKESKULTURPRISEN 2017: Kristin Sønnerheim fekk fylkeskulturprisen i Leikanger tysdag for det veldige arbeidet ho har lagt ned for å attreisa det gamle kulturlandskapet i Aurlandsdalen.
FYLKESKULTURPRISEN 2017: Kristin Sønnerheim fekk fylkeskulturprisen i Leikanger tysdag for det veldige arbeidet ho har lagt ned for å attreisa det gamle kulturlandskapet i Aurlandsdalen.

Her får dugnadshelten prisen – gler seg alt til neste ryddesesong i Aurlandsdalen

Kristin Sønnerheim er ikkje den som kviler på laurbæra.

Leikanger: – Det var veldig kjekt å få prisen. Eg hadde ikkje drøymt om at eg skulle få han. Men no når det har gått slik til, så er eg både stolt og glad, seier Kristin Sønnerheim. 

Porten.no snakka med henne kvelden før ho skulle fara til Leikanger og få prisen. 

–  Eg ser fram til å ta turen til Leikanger i morgon tidleg, det kan verta hyggjeleg, sa ho. 

Mannen hennar var redd for at namna i dalen skulle koma bort

Heilt til mannen hennar Kåre Sønnerheim gjekk bort for elleve år sidan, var dei to alltid saman om arbeidet med å rydda i Aurlandsdalen. 

– No er det dottera mi Sigrid som har vore med meg opp i dalen om sumrane, fortel Sønnerheim. 

FAST PROSEDYRE: Den første mai kvart år reiser Kristin Sønnerheim til stølen på Sinjarheim. Det markerer starten på dugnadssesongen.
FAST PROSEDYRE: Den første mai kvart år reiser Kristin Sønnerheim til stølen på Sinjarheim. Det markerer starten på dugnadssesongen.

Saman går dei i bresjen for ein heil dugnadsgjeng. 

Mannen til Kristin ynskte å taka vare på namnerikdomen i dalen for ettertida. Det var flust i namn både på teigar der folk hadde butt og på merke i landskapet. Han ville laga skilt for kvar einaste plass. Namn han hadde lært seg som gutunge, fekk ikkje lenger borna høyra. Han og Kristin fór omkring i Aurlandsdalen saman og sette skilta på plass i helgane.

Sønnerheim tykkjer det er ein rik kulturarv i alle desse namna i landskapet, som til dømes Storemuren eller Vetlehelvete. So det var ikkje fordi namna var keisame dei gjekk or folkemunne: 

– Før laut folk jamt gå gjennom dalen mot Østerbø, men etter at bilvegen kom i 1974 slutta folk å gå der når dei skulle av stad med beista, fortel prismottakaren. 

Slik byrja stadnamnrikdomen å gå i gløymsla, då nesten ingen lenger hadde faste ærend oppover dalen. Men nokon ville det annleis.

– Dei gamle generasjonane går bort og nye kjem til, men om ingen fortel dei kva for namn det var i landskapet, so går namna bort, seier Sønnerheim.

HANDVERK: På Sinjarheim blir tradisjonane haldne i hevd, her på den opne dagen i fjor.
HANDVERK: På Sinjarheim blir tradisjonane haldne i hevd, her på den opne dagen i fjor. Bilde: Privat

Ho er glad for at det igjen er liv på Sinjarheim

Den fyrste mai kvart år går Kristin Sønnerheim til gamlegarden Sinjarheim, garden der mannen hennar vart fødd og som ho og mannen fekk etternamnet frå. Datoen markerer startskotet for dugnadssesongen i Aurlandsdalen.

Ho og dei som fylgjer med henne i dugnaden ryddar stiar, tek bort steinar, forsterkar bruer, syter for klår sikt der det er vakre utsyn. Alt med handmakt. Det er eit stort arbeid å halda kulturlandskapet i hevd kring stien, no når det ikkje lenger er småbønder oppe i fjella. 

Fortidsminneforeningen, den eldste aktive samskipnaden for kulturvern i Europa, held no tilsyn med denne fjellgarden der mannen hennar vaks opp, fortel ho.

– Då dei restaurerte staden snakka dei med Kåre og sa at det ikkje ville vera godt for husa om dei ikkje er i bruk.

Som sagt, så gjort. Dei siste tjue åra har elevane ved økoskulen i Aurland halde seg i trehusa på Sinjarheimgarden i juli kvart år, i to og ei halv veke. Dei mjølkar geitene og ystar ost. 

HANDMJØLKING: To jordbruksskuleelevar mjølker geitene ved Sinjarheim.
HANDMJØLKING: To jordbruksskuleelevar mjølker geitene ved Sinjarheim.

– Det er fantastisk å koma opp der om sumaren og sjå livet der oppe og kjenna ystelukta når du kjem i nærleiken av husa, seier Sønnerheim.

Ser alt fram til neste ryddesesong i Aurlandsdalen

Ho gler seg til 1. mai, dagen ho årvisst går til Sinjarheim med dugnadslaget. Ho likar å vera aktiv i den flotte naturen, men ho har arbeid å gå til òg vintertid.

– Det har vore naturleg for meg å vera aktiv og gjera det eg kan, det har eg i genene. Og so er eg oppvaksen under krigen og i gjennoppbyggingstida, då me alle måtte hjelpa til og stå saman, seier ho.

Arbeidet i Aurlandsdalen meiner ho er helsesamt og det gjev ho i tillegg mykje å sjå kor vakkert det vert etter innsatsen dei legg ned.

Ikkje minst er det sosialt. Difor er ho òg aktiv i saniteten og ho går framleis på jobb på Jernia når ho får lyst, ein butikk som er i famillien. 

– Det er veldig kjekt å gå på jobb der i ny og ne. Der treffer eg folk. Det gjeld å ikkje berre sitja heime, men å koma seg ut. På butikken ryddar eg litt, vaskar, og pratar med bygdafolket. Og når eg ikkje vil vera der meir, so fer eg heimatt, seier Sønnerheim nøgd.

Til toppen