Årdal/Luster: I årets kjendisutgåve av 71° nord er heile tre etappar lagde til Sogn. Produsenten seier den spektakulære naturen og den gjestfrie mottakinga då dei planla sesongen, gjorde det til eit enkelt val.
– Me reiser rundt på førehand og når me møter masse velvilje og glade folk som ønskjer at me skal komma, så er det gøy å legga programmet dit. Me fekk tre varierte og flotte episodar, så det var veldig verdt det, seier Ørjan Johansen, produsent i Nordisk Film, som lagar programmet for TV Norge.

Heftig oppleving i hengekøya
Blant kjendisdeltakarane som får testa grensene i sognanaturen er fotballspelar Jon Arne Riise, stylist Jan Thomas, tidligare handballspelar Håvard Tvedten, Plumbo-vokalist Lars Erik Blokkhus og nyleg pensjonert handballspelar Karoline Dyhre Breivang.
I episoden som blir vist søndag går turen gjennom Utladalen i Årdal. Å overnatta i hengekøyer ved Vettisfossen, 275 meter over bakken, blir av mange trekt fram som eitt av dei store høgdepunkta på turen frå sør til nord i landet.
– For deltakarane var det eit minne for livet. Nokre av dei trur knapt dei kan greia å toppa den opplevinga, seier Johansen.
Men sjølv om dei fekk tid til å nyta idyllen, blir det òg eit tøft møte med dei bratte fjella i området.
To tøffe styrkeprøver
I andre episode, som gjekk sist søndag, fekk kjendisane verkeleg testa seg når dei sykla 1300 høgdemeter opp Tindevegen frå Øvre Årdal. Målet for etappen var å komma først i mål på fjellgarden Fuglesteg i Luster.
Fjerde episode blir ikkje ei mindre styrkeprøve, når deltakarane, med tunge sekkar, skal kappast frå Skjolden og opp til Åsetvatnet, før dei tek seg ned Mørkridsdalen.

– Det var fleire som var så slitne som dei aldri har opplevd før, seier Johansen om dei to styrkeprøvene.
Håpar på god effekt for reiselivet
I januar i år fekk realityserien Nordnorsk markedsføringspris, for måten den har bidrege til å løfta reiselivet i regionen. Rundt halvparten av episodane har blitt filma i Nord-Norge.
Johansen håpar at årets kjendissesong gjer at fleire får augene opp òg for naturen i Sogn.
– Me håpar jo at programmet vårt inspirerer folk til å komma seg ut på dei plassane vi er, og at det betyr noko for regionen. Det er absolutt viktig for oss. Me hadde ei fantastisk veke og vel så det i Sogn, seier han.