OVERTAR: Erling Eggum (t.v.) og Klingenberg Hotell har kjøpt opp Tangen Pensjonat. Her har Asle Skoglund gitt frå seg nøklane til den nye eigaren. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OVERTAR: Erling Eggum (t.v.) og Klingenberg Hotell har kjøpt opp Tangen Pensjonat. Her har Asle Skoglund gitt frå seg nøklane til den nye eigaren. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her får han overlevert nøklane til Tangen Pensjonat

Erling Eggum og Klingenberg Hotell har kjøpt opp Tangen Pensjonat. 

Årdalstangen: Fredag møttest Eggum og mangeårig eigar av pensjonatet, Asle Skoglund, for å overrekke nøklar. 

22 år med historie tar dermed slutt, og ei ny framtid skal skapast for det gamle, men solide bygget i sentrum av Årdalstangen, tvers over gata for Klingenberg Hotell.

– Ein dag må ein setje stopp. Dei siste tre åra har eg vore plaga med ryggen, og eg synest det var for gale at når eg skulle re opp senga, så måtte eg lukka døra slik at andre gjestar ikkje såg meg. Då låg eg må kne framfor senga og strekte laken, seier Skoglund. 

30 SENGER: Klingenberg Hotell aukar kapasiteten sin med 30 senger.
30 SENGER: Klingenberg Hotell aukar kapasiteten sin med 30 senger.

Større kapasitet

Han kjenner kvar einaste skrue i bygget og skildrar jobben som pensjonatsjef som ein livsstil. Då passar det godt at ein som også har dette i blodet tek over.

– Det har vore periodar me har hatt behov for større kapasitet, og det har me moglegheit til å byggja ut her. Her er det kapasitet, og det kan ytterlegare utvidast, seier Eggum.

– I tillegg er det optimisme i Årdal og Noreg elles knytt til reiselivet på grunn av det låge kronekursen, så det er fleire ting som ligg i botnen her, legg han til. 

I dag er det 49 rom og 90 senger på Klingenberg Hotell. Med Tangen Pensjonat får han utvida det med 30 senger til. I tillegg driftar han også Sitla Hotell og driv med overnatting på Vetti gard. 

Passar med reiselivssatsinga

At Årdal kommune no går inn for å satse på reiselivet, gjer det litt tryggare å gjere ei slik investering, meiner Eggum.

Artikkelen held fram under biletet.

LIVSSTIL: Å vere pensjonatsjef er ein livsstil, og Skoglund er ein type som fiksar og tar vare på det meste. På omvisninga kom han plutseleg over ei seng han hadde fiksa, men som han hadde gløymt å setje på plass. Det ordna han på eit par minutt.
LIVSSTIL: Å vere pensjonatsjef er ein livsstil, og Skoglund er ein type som fiksar og tar vare på det meste. På omvisninga kom han plutseleg over ei seng han hadde fiksa, men som han hadde gløymt å setje på plass. Det ordna han på eit par minutt.

– Det gjer det tryggare å satsa. No skal me ikkje gjera noko bygningsmessig med pensjonatet i første omgang, men me håpar me får gjort noko i framtida. Her er det moglegheiter til å utvikla. 

Ein livsstil

For Skoglund betyr dette at den siste børa er borte frå skuldra, viss ein kan kalle det for det. Den tidlegare eigaren har vore ein travel mann. Etter at han slutta som politi tok han over Tangen Pensjonat. I tillegg dreiv han vaktselskap og hadde inkassoløyve, samt at han førte rekneskap for 15 klientar i bygda. På toppen av det sat han med to parfymeri, eit i Øvre Årdal og eit i Sogndal.

– Den gongen var det slike tynne, brannfarlege dører, så når eg gjekk vakt, høyrte eg snorkinga på rommet. Midt på natta kunne eg møte på ein gjest som måtte på do. Om morgonen skar eg brød til frukost, og då spurte same gjesten om det ikkje var meg han hadde sett om natta også. Jo, svarte eg. «Men når søv du da?» Det gjer eg når eg kjem på gamleheimen, fortel han og ler.

Artikkelen held fram under biletet.

SOLID BYGG: Tangen Pensjonat er eit gamalt bygg som har stått lenge på Årdalstangen, men er i god forfatning.
SOLID BYGG: Tangen Pensjonat er eit gamalt bygg som har stått lenge på Årdalstangen, men er i god forfatning.

Etter kvart har Skoglund gradvis trappa ned, og no er altså nøklane til pensjonatet overlevert til ein mangeårig konkurrent og kollega.

– Han har det i blodet han også. Me har snakka saman om sal tidlegare også utan at det har blitt noko av. 

Framleis liv i sentrum

Ein stor bonus er det også at pensjonatet ikkje føyer seg inn i rekka av tomme lokale i sentrum, men heller blir satsa på. 

Artikkelen held fram under biletet.

DÅRLEG RYGG: Senga han fiksa, snudde han på plass og redde opp på ein, to, tre. Han synte også korleis han måtte re opp senga på grunn av den dårlege ryggen.
DÅRLEG RYGG: Senga han fiksa, snudde han på plass og redde opp på ein, to, tre. Han synte også korleis han måtte re opp senga på grunn av den dårlege ryggen.

– Når det har vore stilt, har eg gått rundt på huset og skrudd på lys slik at det ikkje skal sjå tomt ut. Det skulle ikkje sjå ut som ein forlatt fabrikk, seier Skoglund.

Eggum seier han håpar han kan vere med å bidra til meir levande sentrum. Her vil også kaien og satsinga som er planlagt her, spele ei viktig rolle.

– Viss planane kjem i hamn, blir det ein penare sjøfront som passar betre til turisme og reiselivet generelt. Det har vore magre år når det gjeld reiseliv og belegg, men viss ein har tru på framtida, så kan ein prøve og vere med på å utvikle, seier Eggum.

Til toppen