JEGERDUGNAD: Nils Martin Fjær frå Mattilsynet demonstrerer (på eit reinshovud) korleis jegerane skal ta ut hjerneprøver av hjort og elg under jakta.
JEGERDUGNAD: Nils Martin Fjær frå Mattilsynet demonstrerer (på eit reinshovud) korleis jegerane skal ta ut hjerneprøver av hjort og elg under jakta. (Bilde: Lars Nesse)

Her får jegarane opplæring i korleis dei tek hjerneprøvar

– Dette er noko vi lyt drive med i temmeleg mange år framover, seier CWD-koordinator.

Lærdal: I underkant av hundre jegerar frå Lærdal fekk tysdag opplæring i korleis dei tek CWD-prøver av hjort og elg. Denne veka er det tilsvarande møter i Aurland og Årdal.

– Det er uhyre viktig at jegerane no kjem på bana og får teke ut prøver under jakta, så dei kan vera med å kartlegga omfangen av denne sjukdomen, seier CWD-koordinator Lars Nesse i Lærdal.

– Ingen heksekunst

Til forskjell frå reinsjakta, der jegarane skal ta med seg hovuda til dyra til faste innsamlingsplassar, er det under hjortejakta jegarane sjølve som skal ta prøver og levere dei inn.

På møtet fekk jegarane teste i praksis korleis dei tek ut hjerneprøver, som er det dei skal sende inn saman med ein møkkprøve. Dei fekk og ein gjennomgang av korleis alt dette skal merkast. Alle på møtet fekk utdelt pakkar med alt utstyret dei treng.

– Det er eigentleg ikkje nokon stor heksekunst, seier Nesse, som seier det ligg små videoar på veterinærinstituttet sine heimesider som viser korleis du skal gå fram.

Nøktern optimisme før hjortejakta

Til no har fire villrein og to elgar, men ingen hjort, fått påvist skrantesjuke her i landet. Årets reinsjakt er nettopp i gang og vel 160 prøver er allereie analyserte. Ingen av dei har fått utslag.

– Skulle vi mot formodning finne noko på hjort, då har vi verkeleg ei stor utfordring. Eg er nøktern optimist, men den einaste måten å finne det ut på er å testa, testa og testa. Så får me kryssa fingrane, seier Nesse.

No oppfordrar han aurlendingane og årdølene til å møte opp på tilsvarande møter. For som han seier det:

– Dette er noko vi lyt drive med i temmeleg mange år framover.

Til toppen