Oslo/Lærdal: Brannsjef Gaute Johnsgaard var tilstades i Oslo for å motta den nye eininga til ein verdi av rundt 1,5 millionar kroner. Det går fram av ei pressemelding frå Gjensidigestiftelsen.
Det er samband med 200-årsjubileumet til Gensidige Forsiking at selskapets største eigar Gensidigestiftelsen har gitt folkegåva «Det store brannløftet» til ein samla verdi av 350 millionar kroner.
Målet er å sikre ei ytterlegare styrking av brannvesenet, der oppgradering av køyretøy er eit. I mai blei det kjend at Lærdal brann og redning fekk innvilga søknaden sin.
Brannkorps slit med gamle køyretøy
Torsdag mottok dei altså den vesle, men effektive slukke- og redningsbilen som vert kalla framskoten eining. Dette er ein spesialbygd varebil som når raskare fram til åstaden enn ein stor slukkebil.
– Mange brannkorps slit med eldgamle og utdaterte køyretøy. Samstundes er brannbilen mannskapas viktigaste verktøy når dei skal redde liv og verdiar. Difor er me glade for at nettopp Lærdal brann og redning no får eit nytt køyretøy som vil bidra til auka brannberedskap lokalt, seier administrerande direktør Unn Dehlen i Gjensidigestiftelsen.
Bilen som Lærdal fekk har det viktigaste redningsutstyret og 200 liter vatn om bord, noko som gir slukkekapasitet i fem minutt.