SMAK: Kokk på Michelin-restauranten The Elephant, Simon Hulstone, serverte kveite frå Glitne på Harrods fredag. Han har sjølv nytta fisken frå Ortnevik-verksemda lenge.
SMAK: Kokk på Michelin-restauranten The Elephant, Simon Hulstone, serverte kveite frå Glitne på Harrods fredag. Han har sjølv nytta fisken frå Ortnevik-verksemda lenge. (Foto: Norges sjømatråd)

Her får londonarane smake kveite frå Ortnevik på Harrods

Sogn Aqua AS og merkevaren Glitne  håpar lanseringa på varemagasinet Harrods i London fredag skal skape ringverknader for produktet.

Høyanger: – Harrods er eit varemagasin som ikkje kven som helst får innpass hos, seier utviklings- og kvalitetsansvarlig i Sogn Aqua/Glitne, Ole-Kristian Hess-Erga. 

Det er blant anna strenge standardar for innpakning, merking og promoteringsmateriale. 

– Det er litt spesielt at me får vere til stades der. Det er ikkje kven som helst som får selje produkt der, så det er kjekt å bli assosiert med Harrods, seier Hess-Erga. 

Han håpar publisiteten kring at Glitne er til stades på ein stad som Harrods skal gjere at fleire i Storbritannia og i Noreg vert kjende med merkevaren. 

– Det er truleg ikkje det største volumet som vert selt på Harrods, men ringverknadene vil hjelpe oss mest, seier Hess-Erga. 

Første varemagasin

– Dette er det første produktet me ikkje sel til hotell eller restaurantar, men til eit varemagasin i Storbritannia, seier Hess-Erga. 

Fredag vart ein type sashimi frå verksemda lansert på det eksklusive varemagasinet Harrods i London. Verksemda har brukt fleire år på å utvikle produktet, som er eit samarbeid med kokk Frode Alræk hos Søtt + Salt i Bergen. Sashimien er lett røykt og med litt saltsmak, og fell litt mellom rå fisk og røykeprodukt i kategori. 

DELIKAT: Sashimien som Glitne har lansert på Harrods kan nyttast blant anna både til sushi og som ein forrett. Foto: Christoffer Meyer

– Den passar til alt frå sushi til forrettar på restaurantar og heime på middagsbordet, fortel Hess-Erga. 

Verksemda frå Ortnevik har arbeidd med Norges sjømatråd og den britiske grossisten Direct Seafood for å produktet inn på Harrods. 

Michelin-kokk er fan

Under lanseringa på Harrods fredag demonstrerte kokken Simon Hulstone frå Michelin-restauranten The Elephant i Torquay korleis sashimien kan nyttast. Hulstone har nytta kveite frå Glitne på restauranten og har blant anna synt fisken fram på sosiale media. 

KOKK: Simon Hulstone er ein kjend kokk i Storbritannia. Foto: Norges sjømatråd

– Me har ein god relasjon til han og synest det er kjekt at han er stolt av å nytte produktet vårt, seier Hess-Erga. 

Sashimien har vore testa litt opp gjennom åra, og dei aller fleste som smaker den er positive, fortel Hess-Erga. Den har blant anna vore nytta av Alræk på Søtt + Salt og på Lysverket i Bergen. 

Vinn på miljøfokus

Varehuset har fått tilsendt prøvar av sashimien for å smake og sjå om dette var noko dei ville selje. Hess-Erga trur også fokuset Sogn Aqua har på miljø i kveiteproduksjonen gjer at det er mogleg å få innpass på ein stad som Harrods. 

– Denne typen varehus liker å kjøpe produkt med ei historie og autensitet. Det er viktig at produksjonen er gjennomsiktig og at ein veit kvar fisken kjem frå. At me fokuserer på miljø og byggjer anlegg på ein skånsom måte på land, trur eg er ein av grunnane til at me har fått innpass hos Harrods, seier Hess-Erga. 

Har sikta høgt

Ei av årsakene til at det har vore lite sal av kveita frå Glitne på butikkar til no er at verksemda heile tida har sikta mot å selje eit produkt med høg kvalitet, og difor også med høg pris. 

Hovudproduktet er fersk kveite, både i Noreg og Storbritannia, og verksemda er tilstades på ei rekkje hotell, restaurantar og i cateringverksemeder. Hess-Erga meiner det også er eit potensiale for både fersk kveite og sashimi-produktet i butikkar. 

– Me vil etterkvart prøve å sjå om me kan få eit fotfeste innanfor butikkmarknaden. Det tek tid å utvikle produkta og samstundes få innpass i butikkane. Me håpar samarbeidet med Harrods kan verke positivt her, seier Hess-Erga. 

Han seier at det ikkje er så mange spesialbutikker i Noreg og at dei gjerne er fokuserte på produkt med litt lengre holdbarheit. 

– Det å ha fersk fisk med relativt kort holdbarheit er gjerne forbeholdt fiskebutikkar og dei som har fiskediskar. Men det verkar å vere ei lita endring der sjømatprodusentane har fleire produkt som er meir tilpassa butikk, seier Hess-Erga. 

Han seier at det å få opp sjømatforbruket i Noreg, er noko Sogn Aqua ønskjer å vere med på. 

Til toppen