Lærdal: Ordføraren i Lærdal fekk torsdag æra av å opne den nye butikken til Byggmakker Andersen. Etter 2,5 år i Lærdal, bestemte Kjell Andersen å flytta butikken over til det gamle Lerum-lageret.
– Dette er stort for oss. Me har vore i Lærdal i 2,5 år i dårlege lokalitetar. Dette har me no jobba i to år med å få fram, og til nyttår løyste det seg med Lerum, så dette blir eit stort løft, seier Kjell Andersen, som takka kommunen og Lærdal Næringsutvikling for hjelpa med å flytte butikken.
Mange nysgjerrige lærdøler møtte opp for å få med seg opninga, der sjølvaste ordføraren fekk æra av å opne – ved å sage over ein stokk.

– Aktivitet skapar meir aktivitet. Byggmakker er ein av motorane me trengte i Lærdal. Det er ein butikk som har varer me ikkje har hatt i bygda. Det vil føre til mindre handelslekkasje samstundes som fleire kan koma hit og handla, seier Solheim.
– Eit løft for Lærdalsøyri
Totalt er den nye butikken på 1800 kvadratmeter. Det inkluderer 600 kvadratmeter med butikk og 1000 kvadratmeter med trelastlager. Anlegget er såleis bygd for omsetning, seier Andersen, som no kan puste ut etter ei hektisk tid med ombygging.
– Me overtok 1. februar, og sidan har det gått i hundre med handverkarar og bedrifter som har vore innom og gjort ein jobb. For ei veke sidan vart siste beleggstumpen i golvet sveisa, så på ei veke har me reve ned og bygd opp att butikken, fortel han.
Dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, Arve Tokvam, trur dette vil ha mykje å seie for handelen i Lærdal.

– I Lærdal, og i mange andre kommunar, er det stor forventning om at det er næringsselskapa som skal skapa arbeidsplassane, men det er i aktørane utviklingskrafta ligg. Me er heilt avhengige av at me får med nokon, og me er svært nøgde med at det kjem folk som ønskjer å satsa. Eg trur det vil gi eit løft for heile området og resten av Lærdalsøyri, seier han.
Riktig å opne i Lærdal
Til opninga var det mange nysgjerrige som hadde tatt turen for å sjå korleis den nye butikken ser ut. Andersen har tru på at dette grepet skal klare å lokke folk frå andre sida av gjorde, aurlendingar og andre til Lærdal for å handle.
– Har det vore ein suksess å opne butikk i Lærdal?
– Det har vore ein suksess, ja. Me har hatt god vekst i omsetninga og vorte godt mottekne. Eg føler kjemien mellom Årdal og Lærdal er god. Me har ein felles arbeidsmarknad, og folk er positive. Handverkarar er flinke til å bruke oss, og det er me heilt avhengig av. Handlar ikkje folk, dør butikkane vekk.