300 MILLIONAR KRONER: Fordelinga viser kva kommunar som har fått mest midlar til lokal samfunnsutvikling og næringsutvikling dei siste fire åra. Illustrasjon: Øyvind Nondal/Google kart.
300 MILLIONAR KRONER: Fordelinga viser kva kommunar som har fått mest midlar til lokal samfunnsutvikling og næringsutvikling dei siste fire åra. Illustrasjon: Øyvind Nondal/Google kart.

Her får Sogndal 50 millionar meir enn Årdal og Luster

Saftbygda får mest midlar til lokal samfunnsutvikling og næringsutvikling. 

Sogndal: Porten.no har sett på fordelinga av regionale utviklingsmidlar i fylket dei siste fire åra. Av kommunane i Indre Sogn har Sogndal fått tildelt over 50 millionar kroner til ymse prosjekt innan lokal samfunnsutvikling, sysselsetjing og næringsutvikling.

I andre enden har Årdal i same perioden fått under millionen, det meste i forbindelse med utbygging av breiband. 

Skal fremje lokal samfunnsutvikling og næringsutvikling

Kvart år delar regjeringa ut milliardar i tilskot som skal nyttast til å stimulere god regional utvikling. Det er fylkeskommunane som handsamar tilskotsordninga kommunar, lag og organisasjonar kan søkje på. Dei seinare åra har regjeringa redusert potten og omdisponert midlane til samferdsels- og infrastrukturtiltak.

I 2016 fekk fylkeskommunen litt over 73 millionar til føremålet, der om lag halvparten er rammetilskot til Innovasjon Norge. Totalt dei siste fire åra har fylket fått om lag 300 millionar kroner.

Klikk på kartet og sjå kven som har fått midlar i din kommune.

­Innovasjon i reiselivsverksemder

Eit av føretaka som har fått midlar til regional utvikling er Vestlandsforsking i Sogndal.

Merete Lunde som er direktør seier til Porten.no at dei nyttar regionale utviklingsmidlar til å få fram ny og auka kunnskap om relevante tema. Eit av prosjekta er ’Strategisk forskingsprogram for innovasjon og verdiskaping i reiselivet’, som starta opp i 2014 og skal gå fram til 2019.

Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, reiselivsaktørar i fylket og FoU-instutisjonane høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking som har gått saman om satsinga, legg Lunde til.

­­ – Eit slikt program som vi no er i gong med, gjer det mogleg å drive langsiktig, grunnleggande kompetansebygging på reiselivsområdet, seier Merete Lunde. Ho legg vekt på at FoU-miljøa må tilby forskingsbasert kunnskap som er relevant, og viser til at forskingsprogrammet i Sogn og Fjordane ønskjer å bidra til at reiselivsverksemder auka sin innovasjonsevne, verdiskaping og konkurransekraft. Kunnskap og innovasjon i reiselivsnæringa er viktig for å møte nye og auka krav hjå kundane og for å tiltrekke seg kompetent arbeidskraft og kapital, seier Lunde.

­– Framskrivingar av snøforhold

­Eit av arbeida utført i forskingsprogrammet er framskrivingar av snøforholda for norske skianlegg som Vestlandsforsking la fram under Fjellsportfestivalen 2017, seier Lunde.

– Materialet viste mellom anna kor mange snødagar dei ulike anlegga kan vente i 2030, 2050 og 2080. Forskarane slo fast at enkelte anlegg må vurdere å omstille seg som følgje av klimaendringane, legg ho til.

Andre tema forskarane har arbeidd med i forskingsprogrammet, er nye digitale medium og kommunikasjonsteknologi, lønsemd og produktutvikling, og berekraftig utvikling i reiselivet. Alt dette er tema næringa i Sogn og Fjordane har ytra ønske om meir kunnskap om og som det vert arbeidd med.

– Neste steg er å ta denne kunnskapen i bruk, avsluttar Lunde.

Til toppen