OPP AV HATTEN: Sogndal skal møta finske FC Honka i kvalifiseringa til Youth League.
OPP AV HATTEN: Sogndal skal møta finske FC Honka i kvalifiseringa til Youth League. (Foto: UEFA)

Her får Sogndal vita kven dei skal møta i Champions League for juniorar

Finske FC Honka blir første hinderet på vegen i Sogndal sin internasjonale fotballdebut.

Nyon, Sveits: Det vart klart tysdag då det var trekning av kvalifiseringa til UEFA Youth League. Turneringa er for dei beste juniorlaga i Europa, bygd opp etter stort sett same format som storebroren Champions League.

Juniorlaget til Sogndal kvalifiserte seg ved å vinna NM-finalen mot Rosenborg i fjor. Ei veke seinare vart dei óg skandinaviske meistrar.

– At me skal få ønskja velkomen til ein UEFA-kamp i Sogndal, det blir ei fantastisk oppleving. Det er ein stor dag dette her, seier dagleg leiar Rasmus Mo i Sogndal Fotball.

Han var på plass i Sveits og følgte trekninga saman med utviklingssjef Anders Stadheim.

Nøgd med motstandaren

FC Honda høyrer til i byen Esbo, som med sine 242.000 innbyggjarar er den nest største i Finland. Heimearenaen har derimot ikkje kapasitet til fleire enn 6000 personar, eit halvt tusen meir enn Fosshaugane. Ifølgje Wikipedia er klubben best kjent for ei omfattande satsing på talentutvikling.

– Me håpte litt på eit nordisk lag. Reiseavstanden låg litt i bakhovudet, og i tillegg har me gjort det bra elles mot nordiske lag, så Honka er ein heilt ok motstander, seier Mo.

– Me kunne gjerne ha ønskt oss eit stort namn, men når me kom i den pulja me gjorde, så var dette heilt greitt, seier han.

Nøkkeltrio

Den daglege leiaren tek trekninga som ei stadfesting på det gode arbeidet som er gjort med G19-laget over fleire år.

– Me ser óg at mange av dei som var med å kvalifisera seg, no er gode bidragsytarar på A-laget, blant anna eit tungt innslag av årdøler, seier Mo.

Han siktar sjølvsagt til midstoppar Eirik Lereng (18) og midtbanespelar Sivert Mannsverk (17), som saman med backen Eivind Helgesen (18) frå Sogndal fort blir tre av nøkkelspelarane til juniorlaget i turneringa.

Lang veg til cupspelet

Til saman 64 lag deltek i UEFA Youth League. Dei 32 første vart automatisk kvalifiserte då seniorlaget deira tok seg til gruppespelet i Champions League. Desse juniorlaga blir delte opp i dei same gruppene som dei vaksne.

Den andre halvparten av laga er dei nasjonale meistrane frå dei leiiande forbunda på UEFA-rankinga. Desse spelar først to innleiiande kvalifiseringsrundar, med heime- og bortekampar.

I første runde spelar Sogndal heime på Fosshaugane 2. oktober, før turen går til Finland 23. oktober. Vinnaren går vidare til andre runde, der dei møter vinnaren av oppgjeret mellom albanske Shkendija Tirane og FC Sheriff Tiraspol frå Makedonia.

Viss Sogndal passerer dei to hindera, skal dei spela ein siste og avgjerande kvalifiseringskamp mot eitt av dei åtte laga som vart nummer to i «Champions League»-gruppene. Blir det siger der igjen, er dei kvalifiserte for den «ekte vara», cupspel etter same lest og datoar som Champions League.

Til toppen