Sogndal: I månadsvis har dei støypt i etappar oppå stålkonstruksjonen, i går litt før lunsj vart dei to siste felta ferdige.

– No er dekket over brua ferdig støypt. Det var ein milepåle for desse karane som har jobba med dette sidan byrjinga av februar, så då måtte vi trø til med kake til dei, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken i Statens vegvesen.
Han seier neste store milepælen blir når dei skal støype dekket på den store rundkøyringa, som delvis vil henge ut i lause lufta over fjordstien. Det vil truleg skje i månadsskiftet august og september. Det er òg den siste store støypejobben dei gjer.
– Det neste etter det igjen er flytting av trafikk over på den nye brua, som er planlagt skal skje første desember, seier Solbakken.
Framleis er det mykje jobb att før brua er ferdig. Kantdragarane skal støypast, rekkverk monterast, det skal gjerast klart for asfaltering og alt det elektriske skal på plass, i tillegg til alt som skal gjerast begge sidene som leier opp til brua.
– Det dreg seg til litt no, seier Solbakken, som likevel stadfestar at stort sett ligg i rute til å følgje dei oppdaterte tidslinjene for ferdigstilling.