Her fiksar dei stien inn til Vettisfossen

Fire sherpaer har denne veka jobba med stiane inn til Vettisfossen, opp på Fannaråken og frå Krossbu mot Utladalen. Sjå galleri!

– Mykje har vorte øydelagd på stien i vinter vår og på førsommaren – meir enn på lenge. Sherpaene murar opp att, tettar hol og får oppatt stålstengene med tau som folk kan halda seg i – ein del av desse var feia vekk av naturens krefter, fortel Rigmor Solem, naturoppsyn i SNO

Det er steinmassar som blir ustabile under vårløysinga som har rasa ut og altså gjort skade på stien inn til Vettisfossen. Tysdag og onsdag var fire sherpaer i sving for å reparera skadene.

– Dei er sabla sterke, desse karane - bygd for å gjera slikt arbeid og flinke til å mura. Trafikken innover til Vettisfossen starta tidleg i år, allereie første dagane av mai. Me grov fram att stien då, men sa at den ville bli ytterlegare betra seinare. Og det er denne jobben sherpaene no gjer.

Stien opp til Fannaråken

Solem fortel dei også har gjort ein jobb på stien høgare oppe, mot Vettismorki. Der rasa store steinar ut i vår. Og før sherpaene byrja på jobben i Vetti var dei på oppdrag på stien mot Fannaråken

– Her er det gjort kjempeinnsats i mange år, og måndag var sherpaene i sving att, Mellom blir det snarvegar fordi folk går utom stien og kuttane svingar. Det fører til at mykje vatn kjem inn i rette stien. Så byggjer det seg opp med is, dette byrjar å siga og til slutt forsvinn alt. Det dummaste folk gjer er å gå utom stien! No har sherpaene bygd oppatt skadde murar, forklarar Solem.

Sognefjellet

Siste post på programmet for dei fire frå Nepal er stien frå Krossbu mot Utladalen mot slutten av veka. Her skal dei leggja ut såkalla "stepstones" og gangbaner i tre.

– Dei likar å jobba i slike lag på fire. Nokre er flinke til å bera stein, nokre å byggja opp att murar, andre å reparera sår i stien. Så dei fungerer svært godt i hop, fortel Solem.

Midlane til reperasjon av stiane ligg i forvaltingsbudsjettet til Nasjonalparkstyret som øyremerka tiltak.

– Det er effektivt å bruka folk som verkeleg kan det. Det var i Jotunheimen nasjonalpark me først byrja å bruka sherpaer, og seinare har det berre spreidd om seg, avsluttar Solem.

Til toppen