FØLGJER MED: Både i Årdal og Lærdal er det plassar dei vier ekstra merksemd til i tilfelle vassføringa blir for stor. Ved brua i Ålmennhagen i Utladalen er ein av desse stadene. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FØLGJER MED: Både i Årdal og Lærdal er det plassar dei vier ekstra merksemd til i tilfelle vassføringa blir for stor. Ved brua i Ålmennhagen i Utladalen er ein av desse stadene. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her følgjer kommunen ekstra godt med

Både Årdal og Lærdal er godt budde dersom det verste skulle skje.

Årdal/Lærdal: Ved Ålmennhagen i Utladalen følgjer Årdal kommune ekstra godt med, fortel rådmann Olve Fossedal. Historisk sett er dette den staden ein oftast fryktar det skal gå gale når elva Utla for alvor viser musklane sine.

– Det er her trykket kjem med eit smalt parti under brua, der elva skyt fart og veks. Me har mest merksemd der, seier Fossedal.

Les også: NVE i full beredskap – fryktar flaum

GODT BUDD: Rådmann i Årdal, Olve Fossedal, seier kommunen er godt budd. Arkiv
GODT BUDD: Rådmann i Årdal, Olve Fossedal, seier kommunen er godt budd. Arkiv

Men førebels er alt under kontroll både her og i Lærdal. Kommunane har førebudd seg godt på at ein mogleg flaum skal inntreffa. Det fortel Fossedal og ordførar i Lærdal kommune, Jan Geir Solheim, til Porten.no.

– Me er ute og ser korleis elva utviklar seg. Me har ein teknisk vakt som er ute og sjekkar kummar og stikkrenner, og så har me løpande kontakt med Helge Øvstetun i politiet i tilfelle det skjer noko og me må setja kriseleiing, seier Fossedal.

Godt budde i Lærdal

I Lærdal er dei fleire på jobb enn under normale forhold, fortel Solheim. NVE har ein mann på plass i kommunen. Han er ute og registrerer saman med teknisk etat.

– Me har tidlegare hatt møte med fylkesmannen og hatt kontakt med fylkesmannen i dag. I tillegg har me hatt møte med politi og kjenner til kapasitet. Me er budde slik at viss ein må evakuere, så har me bestemt kor, seier Solheim, men understrekar at dei ikkje er der no.

Les også: Melder om kraftig regnvêr i Sogn

– Me har ikkje sett kriseleiing. Me er ikkje på det nivået. Me godt førebudde og har kapasitet.

TETT DIALOG: Solheim, ordførar i Lærdal, seier kommunen er i tett dialog med politi og NVE. Arkiv
TETT DIALOG: Solheim, ordførar i Lærdal, seier kommunen er i tett dialog med politi og NVE. Arkiv

I kontakt med regulant

For hans kommune sitt tilfelle er det først og fremst sidelvene ein følgjer ekstra godt med på. Det er spesielt Erdalselvi og Kuvelda dei vier merksemd til fordi dette er elver dei ikkje har fått sikra sidan førre flaum i haust. Her er det berre gjort strakstiltak.

I dei regulerte elvene har dei god kontroll, fortel ordføraren.

– Me har tett kontakt med Østfold Energi, og me veit at dei har plass i magasina sine. Me ser at elva har gått noko ned, men vêrmeldinga har verkeleg slått til. Det regnar akkurat som meldt. Sjølv om temperaturen har fått ned, vil det siga igjen, og det er meldt regn fram til torsdag, så då er det fare for at det aukar.

Har sikra elva fleire stader

Rådmann i Årdal seier det er gjort noko sikringsarbeid sidan i haust då Utla vaks seg verkeleg stor. Blant anna i Ålmennhagen er det gjort ein del arbeid. 

– Me har hatt rutinar for rensking fortløpande. Me vurderte tiltak ved energiverket, men NVE var skeptiske til det tiltaket. Me er stadig i kontakt for å førebyggje. Dessutan er det gjort risikoanalysar i tilfelle bruene ryker eller viss det blir problem med vatn og avløp. 

Artikkelen held fram under biletet.

SIKRING: I Ålmennhagen, som er ein utsett stad i Årdal, er det gjort flaumsikrande tiltak sidan flaumen i haust.
SIKRING: I Ålmennhagen, som er ein utsett stad i Årdal, er det gjort flaumsikrande tiltak sidan flaumen i haust.

– Det er slik at me må sjå kva som skjer og vurdera fortløpande. Det er liv og helse som står øvst. I tilfelle me må evakuera, så vil me tilkalla ekstra mannskap. Då vil me frakta folk dit dei er trygge. Eg trur me kan seia at me er godt budde. Me har øvd på dette, seier Fossedal. 

Til toppen