KJENSLELADD: Arne Glenn Flåten har engasjert seg sterkt i saka om den konfliktfulle fortida til Sogn barnevern og leverte eit kjensleladd innlegg i kommunestyret, der han ba om at politikarane fekk full tilgang til rapporten som tek for seg kva som gjekk gale.
KJENSLELADD: Arne Glenn Flåten har engasjert seg sterkt i saka om den konfliktfulle fortida til Sogn barnevern og leverte eit kjensleladd innlegg i kommunestyret, der han ba om at politikarane fekk full tilgang til rapporten som tek for seg kva som gjekk gale. (Halvor Farsund Storvik)

Her føreslår han å stemma over om politikarane skal få lesa rapporten

Det vart ein dramatisk debatt, med fleire uventa vendingar, då rapporten om Sogn barnevern vart tema under møtet i Sogndal kommunestyre torsdag.

Sogndal: Arne Glenn Flåten (H) var ikkje åleine. På møtet varsla SV, Høgre, Frp og Venstre at dei ville kreva at kommunestyret får lesa heile rapporten om dei tidlegare arbeidskonfliktane i Sogn barnevern, straks kontrollutvalet er ferdig med sitt arbeid. Dei ønskte ein versjon av rapporten der private opplysingar omfatta av teieplikta vert sladda og dei ville at politikarane skulle stemma over om dei skulle gje seg sjølve full tilgang.

– Me har stilt oss bak forslaget, men gjorde det under tvil og me er framleis i tvil om kva me kjem til å enda på når det kjem til avrøysting, sa Vibeke Johnsen (SV) tidleg i debatten.

BA OM TOLMOD: Varaordførar Laura Kvamme (Sp) og ordførar Jarle Aarvoll (Ap) ba om tolmod medan kontrollutvalet jobbar fram si instilling i saka.
BA OM TOLMOD: Varaordførar Laura Kvamme (Sp) og ordførar Jarle Aarvoll (Ap) ba om tolmod medan kontrollutvalet jobbar fram si instilling i saka. Bilde: Halvor Farsund Storvik

Ordføraren ba om tolmod

Ordførar Jarle Aarvoll (Ap) minna om at det er innkalla til ekstraordinært kommunestyre 11. januar. Han meiner det beste er at kontrollutvalet får ro til å jobba fram si innstilling i saka. Og forventar at dei vil seia noko om kva delar av rapporten politikarane treng lesa for å vera fullt ut opplyste.

– Viss me set forslaget på sakskartet, då meiner eg me viser mistillit til kontrollutvalet, sa Aarvoll frå talarstolen.

Han minna om at både han som ordførar og ein tredel av kommunestyret har mynde til å krevja ei sak trekt frå sakskartet.

– Men det vil eg ikkje gjera, sa Aarvoll, som fleire gangar gjennom debatten gjentok både trusselen og lovnaden om å ikkje setta han ut i live.

Den som var mest utolmodig på politikarane sin vegne var Arne Glenn Flåten (H). Då han gjekk på talarstolen leverte han eit kjensleladd innlegg:

Snudde etter gruppemøte

– Me har respekt for kontrollutvalet, berre så det er heilt avklara. Dette handlar ikkje om det, men om den desidert mest omtala og mest alvorlege saka i Sogndal kommune på årevis. Nærare førti tilsette beskriv tida i Sogn barnevern som den verste opplevinga i deira liv.

– Me har tretti av dei som ropar høgt og klart «les rapporten, høyr på oss, sjå kva me har gått gjennom.» Eg er ikkje vald av Sogndal Høgre, i denne saka har eg ingen farge. Eg er vald av innbyggjarane i Sogndal, dei trur på meg, som dei trur på dykk, at me kan gjera ein forskjell. Eg klarer ikkje å slå meg til ro med at me ikkje skal få full tilgang til til rapporten. Eg ser ingen grunn til det, sa han.

Det vart ein oppheita debatt, men fleire innlegg som gjekk i begge retningar. Til slutt ba Vibeke Johnsen om eit gruppemøte for å diskutera saka på bakrommet. Då dei kom ut att gav ordføraren ordet tilbake til Johnsen, som hadde bedt om tenkepausen. 

– På vegner av forslagstillaren, så trekker eg forslaget. Me er innstilte på å venta på innstillinga frå kontrollutvalet, sa ho.

Dermed må politikarane venta til 11. januar før dei på ny skal ta stilling til om dei nøyer seg med innstillinga frå kontrollutvalet, eller om dei då vil be om å få lesa ei sladda utgåve av den omstridde rapporten.

Til toppen