SISTE GJEST: Tysdag gjorde cruiseskipet Columbus seg klar til å forlata Flåm, som det siste for i år.
SISTE GJEST: Tysdag gjorde cruiseskipet Columbus seg klar til å forlata Flåm, som det siste for i år. (Foto: Fotokreditering Flåm Hamn/Raimonds)

Her forlet siste cruiseskipet kaia for sesongen – og kalendaren viser oktober

Åtte månader lang sesong gir ny cruiserekord i Flåm.

Flåm: Til saman 257 988 cruisepassasjerar har vitja Flåm i år, 7027 fleire enn i fjor. 

Det er ny rekord for hamna, som tysdag tok farvel med det siste skipet for i år.

– Mykje av dette skyldast utnytting av heile sesongen. Det har vore cruiseskip i Flåm i åtte av tolv månader, seier assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje.

Topp fem cruisepassasjerar som gjestar Flåm

  • 90 392 britar
  • 38 136 tyskarar
  • 29 739 spanjolar
  • 21 408 amerikanarar
  • 17 184 italienarar

Aktiv skuldersesong

Han fortel at auken har kome i skuldersesongane, frå mai til tidleg juni og september til oktober. Å gjera Flåm til ein heilårsdestinasjon har vore eitt av satsingsområda til reiselivet Aurland.

Stedje trur den positive utviklinga vil halda fram dei neste sesongane.

– Prognosane for 2020 tyder på at at me til og med kan utvida til ni av tolv. Veksten me jobbar mot er frå februar til mars og september til oktober, seier han.

Neste ventar dei å få 22 skip på besøk i september og oktober, mot 15 i år.

Fleire brukar pengar på land

Hovudsesongen er framleis juni, juli og august. I desse månadane var det 184 769 cruisegjester innom i år, omtrent nøyaktig det same som i fjor. 

– Om sommaren greier me ikkje stort meir, og det er ikkje målet vårt heller, seier Stedje.

Ei anna positiv utvikling denne sesongen er at cruiseskipa ligg til lenger til kai. Det gjer at gjestene jamt over brukar meir pengar på land.

– At mange av passasjerane nyttar seg av ekskursjonane, og handlar godt i Flåm, er veldig positivt, seier Stedje.

Slapp ikkje unna røyk og støy

Kontroversar rundt følgjene av cruiseturismen er eit sikkert sommarteikn i Flåm. Den assisterande hamnesjefen vedgår at ikkje alt har gått knirkefritt, i år heller.

– Me har hatt litt utfordringar med skip som har hatt mykje røyk, og bråka litt for mykje, men alt dette har me meldt vidare til sjøfartsdirektoratet og reierlaga. Me håpar me ikkje treng å oppleva det igjen, seier han.

 

 

 

 

 

Til toppen