VIDEO

Her forsøker hjorten desperat å koma seg ut av innhengninga som eigentleg skulle ha sperra han ute

– Den må ha gått nesten heile natta, seier Leif Turlid då han oppgaga at hjorten hadde sett seg fast.

Aurland: Saltsteinar blir rekna som spesielt aktuelle for spreiing av skrantesjuke mellom individ av hjortevilt. Difor vart det i fjor lagt ned forbod mot å leggja ut saltstein for vilt. 

Men for at bøndene skal kunna ha saltsteinar på fjellbeite til sauene sine trass utbrot av skrantesjuka i Nordfjella, har det blitt sett opp slike grinder rundt steinane. I grinda er det ei luke som berre sauen skal få plass til å gå gjennom. 

Men som Turlid oppdaga tysdag morgon like etter at han stod opp, så hadde ein hjort klart å koma seg inn. Då forsøkte han desperat å koma seg ut att ved hoppa over gjerdet, men fekk det ikkje til.

– Eg har ein saltstein ståande rett nedanfor fjøsen her på Turli, og rundt klokka 07.00 ser eg hjorten. Eg fekk tak i viltforvaltaren på landbrukskontoret som kom opp og dokumenterte og filma. På videosnutten er me på veg ned for å klyppa opp gjerde og få sleppt hjorten ut att, seier Turlid.

Blødde i munnen

Han fortel at han hadde med seg geværet i tilfelle hjorten var alvorleg skadd. 

– Han blødde litt i kjeften, men sprang avgarde, så eg trur ikkje det var så alvorleg.

OPNING: Om lag slik ser grindene ut. I hjørnet er det opning for at sauen skal klara å ta seg inn til saltsteinen.
OPNING: Om lag slik ser grindene ut. I hjørnet er det opning for at sauen skal klara å ta seg inn til saltsteinen. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Turlid trur hjorten kan ha kome seg inn ved å hoppa over innhengningen. I opninga til sauen fann han ikkje spor av hår. Når hjorten først var innkomen, hadde han for lite plass til å ta sats og koma seg ut att på same vis.

– Eg trur han kan ha vore der nesten heile natta for det var tydelege spor i ring inni innhengninga. 

– Korleis reagerer du når noko slikt skjer?

– Dette føyer seg inn i rekka av menneske med nokre tiår erfaring som skal hjelpa dyreverda som har levd i tusenvis av år med masse rare løysingar i staden for å late naturen ordna opp i ting sjølv, svarar han.

– Einaste beviste tilfellet

CWD-koordinator i Mattilsynet, Hallgeir Herikstad, peikar på to aspekt ved hendinga, men påpeikar at dette førebels er det einaste beviste tilfelle der hjortevilt har kome seg inn.

– Føremålet med grindene er å hindra hjorten i å koma inn og bli smitta. Til det er det å seia at heldigvis er dette det einaste beviste tilfellet, men uansett er det svært, svært få som kjem inn. Slik sett verkar dei med tanke på smittevern. Me held ikkje på med eit opplegg som er hundre prosent, byrjar han.

– Det andre er at dyret ikkje kjem seg ut. Det er vel så alvorleg. Så lenge det er sau på beite, er det bonden sitt ansvar å føra tilsyn med grindene og ta seg av dyra viss dei kjem seg inn. Når sauen skal vekk frå beite, skal lukene stengast. Då vil ikkje dette skje.

– Turlid trur hjorten i dette tilfellet kan ha hoppa over. Kva tenkjer du om det?

– Nei, det er ikkje godt å seia kva som har skjedd. Hjortedyrekspertane har åtvara om at hjort kunne koma seg inn opninga, men heldigvis ser det ut til at dei er i fåtal. Det viktigaste er at det vert ført tilsyn og at luka blir stengt igjen. Viss hjortevilt framleis kjem seg inn, har me eit meir alvorleg problem me må ta. 

Til toppen